[Tidender.] Stortinget


hadde fyrste Møtet sitt igaar. Det møtte nokre Varamenn; Bonde Dieseth (for Johan Sverdrup), Amtsskulelærar Melvær (for Jak. Sverdrup), Bonde Løberg (for B. Haugland), Kyrkjesongar Holm (for S. Arctander), Advokat W. S. Dahl i Staden aat Sæmund Vik, Sakførar Torp (for Hilde i Risøyr; han er daaen). Fraa Drammen kom Bang igjen.

Dette 34te ordentlige Storting er det siste som møter etter det gamle Valet. Isumar skal det veljast att. Men det er det fyrste, som skal arbeida etter den nye Riksskikken, som hev gjevet oss Samarbeid millom Styre og Storting. Det var berre nokre faae Dagar, at det gjekk paa den Maaten ifjor, men daa saag me, at det gjekk fljot ogso. Den eine Umboti vart gjord etter den andre, alt gjekk som Regjeringi vilde hava det. Og me vonar, at det no skal syna seg paa mange Maatar, kor mykje gildare og hendigare me hev fenget det i alle Ting. Me trur soleids det skal sannast, som det er sagt ofte, at no vil inkje Tinget bruka naame nær so lang Tid som fyrr, daa det maatte granska og endefara kvar ein Ting, som vart framlagt ifraa Regjeringi. No er Mistrui umbytt med Tiltru. Denne Tiltrui vonar me ogso vil verka til det, at naar det er ei god Sak, so vil inkje Vinstre kløyva seg so sund i endelause Smaaflokkar kvar etter si Sermeining, dei vil sjaa meir paa, at noko stort og godt vert gjort, som vert det heile Land og Folk til Bate, enn nettupp setja alt inn paa aa faa sine Serinteressur fram. Fyrr var det berre i dei store Strids-spursmaal mot Regjeringi, at Vinstre stod samstelt som ein Mann, men naar det var Ting, som inkje paa nokon Maate kunde hengjast attaat dette, so hev me ofte set, at store landsgagnlege Saker hev vortet upp til inkjes, Framvokstren vaar fekk ein Stur, og Tinget øydde baade Tid og Pengar til ingi Nytte. Me ynskjer, at Samstellingi til Regjeringi, som fyrr viste seg so fast i ein Motstandspolitikk, no maa visa seg likeso fast i ein Medhaldspolitikk, der daa som det gjeld Gruntankarne og Vegaleidi for vaar nasjonale Framgaang og Utvikling. Det skulde daa vera underleg, um inkje Sverdrup skulde hava minst likeso stor Evne til aa setja Kveik i Tinget og skapa Samhald, som Stang og Selmer kunde eggja og skapa Motstand.

Regjeringi sjølv hev no nyleg gjevet oss eit godt Fyredøme paa, at Folk kann vera fult samhalduge, um deira personlege Meiningar ogso inkje fell plent ihop. Det er no nettupp komet Avskrift av Statsraadssaki fraa Møtet den 17de Januar, der alle Statsraadarne var til Stades og skulde gjera ei Avgjerd um Hersaki. Statsraad Daae sagde, at han for sin Del inkje fult kunne godkjenna dei Grunntankar, som den nye Herskipnaden var meint aa skulde byggjast paa; men daa alle dei andre vilde hava det so, skulde han likevæl faa arbeidt ut eit Framlegg bygd paa desse Tankarne, so at det kunde leggjast fram for Tinget til midt i Mars.

Hersakivert daa ei av dei større Emne, som Tinget fær til aa granska iaar, men um dei kann faa henne ifraa seg, er uvist for det vert langt Arbeid.

Jurysaki vert det væl, som kjem fyrst paa Arbeidsprogrammet. Denne Saki hev no voret paa Tale so lenge og ho vert no so godt fyrebudd, at iaar maa ho drivast fram.

Til aa fremja Maalsakivonar me, at det vert gjort Framlegg, og at Maalmennerne i Tinget gjer alt det dei kann for aa hevda Saki. Me vil halde Auge med det av Vinstre, som lite elder inkje bryr seg um at me skal verta fri for vaar nasjonale Skamm, paa det, at Veljaranne kann hava aa retta seg etter det. Alle dei Saker, der det kann vera minste Vonum aa gjera eikvar Vinning for Maalarbeidet, maa dei agta paa og standa samstelte.

Med dette ynskjer me Tinget vælkomet. Heider og Heppa fylgje deira Arbeid.