[Tidender.] Krigen i Sudan.


Det hev stadet eit Slag ved Metemneh millom Krigararne aat Mahdien og Engelskmennerne. Um det vert det telegrafert fraa den engelske Krigsleger til engelske Avisur:

Den vesle Styrken vaar, som hadde minkat mykje, sidan me for fraa Gakdul, stend no forskansad eit Par Mil ovanfor Metemneh, som endaa er besett av Fienden. Det hev ofte voret Smaaslag millom oss og Fienden. Eit større Slag hev me og haldet, og mange kjekke Menn fann der Banen sin. Etter Slaget den 17de tok me Brunnarne ved Abu Klea og kvilte ut der til næste Dag etter Middag Kl. 3. General Stewart fekk Melding um, at den slagne Fienden inkje hadde mist Motet, men sett seg fast i Metemneh, og han vilde difor, at me skulde kila oss inn millom denne Byen i Kartum. Me gjekk fram, og i Degningi fekk me Auge paa Fienden, som tok til aa skjota paa oss. Me stanad og gav oss til aa kasta upp Forskansingar, som var gode aa hava her paa Sletta. Skjotingi aat Fienden vart hardare og hardare, og Arabaranne tok til aa stella seg upp i Slagorden. Det var greidt, at dei tenkte aa storma Forskansningi vaar, endaa dei var vortne so ille medfarne ved Abu Klea. Skjotingi vart no hard paa baade Sidur og Krutrøyken laag snart tjukk paa Slagmarki. Lækjararanne hadde alt fenget nok aa gjera, daa fleire av vaare Menn hadde fenget nok av Kulurne aat Fienden. Daa Striden hadde stadet paa eit Par Timar vart det ropt: Generalen er skoten! Stewart var og alt komen i Henderne aat Lækjaranne, og Oberst Wilson vart Førar. Fienden vilde inkje gjeva seg, og han freistad endaa paa aa avskjera Vegen til Elvi, som me viste var 3 Mil undan, for oss. Paa denne Maaten kunde det inkje ganga, og Vilson gav Paabod um, at det skulde reisast store Varagardar, so dei saarade og Føringi vaar kunde verta i Ly for Kulurne. So vart nokre sende ned til Elvi etter Vatn. Dei var inkje komne langt, fyrr Fienden tok paa dei. Araberanne vart mottekne med ein fæl Eld fraa oss; men likevæl kom dei Folki vaare nær paa 50 Steg. Daa hadde dei lidet so store Tap, at dei laut snu, trulegvis 300 daude og 1500 saarade. Vegen til Elvi var no fri, og innan Kvelden laag heile den Engelske Styrken paa Elvebakken ved Nilen. Engelskmennerne hadde 30 daude, bland dei 4 Offiserar, og 76 saarade. Etter Slaget hev det voret vekslat Skot no og daa millom engelske Forpostar og Araberanne; men inkje nokot større. Gordon hev landsett 3 Eimbaatar fraa Kartum med Krigsfolk i den engelske Legri.