Tidender.

 
Kristiania, den 27de Januar.

At Vinstremenn fær Ordenar for Livsarbeidet sitt, det er skammelegt, meinar Høgre; men at Yngvar Nielsen og Oscar Andersen Dietz og slike Karar, som inkje hev gjort det minste til Landsens Framgang fær Ordenar, det er, som det skal vera. Naar ein Vinstremann fær eit Embætte av vaar frilynde Styring, so er det Partiløn, meiner det sama Høgre; men naar Selmer gjorde L. Smitt til Byfut og Fabricius til Lands-domar, daa var det for aa faa Dugleiken fram. Og det endaa det var aalkjent, at Fabricius inkje dugde som Jurist, og Folk veit, at han no etter at han vart Domar let ei Sak liggja i tri Fjordungaar fordi han inkje vaagde til aa døma ho; Høgsterett gav han og 400 Krunur i Bøter for det. Men Fabricius var ei Tid Formann i November-samlaget.


Dugleiken hev Høgre, det er daa greidt, for dei bygde ei stor gild Kyrkje aat Pastor Heuch; men fyrr Heuch hadde faat preikt so mykje som ein einaste Gong i denne gilde Kyrkja, kom Bygningsnemndi til Magistraten med Framlegg um, at Kvelvingarne og Sulurne skal rivast ned og setjast up fraa nytt av. Ja den Dugleiken, den Dugleiken.


Maalsaki paa Møre. Fiksdals Samtalelag, som hev 75 Medlemer hev gjort eit sovoret Vedtak:

Forsamlingen finder det ønskeligt, at der gives Børnene Anledning i Skolerne at blive bekjendt med Landsmaalet, og for, at Foreldre og andre kan sættes istand til at støtte Læreren i denne Gjerning, ansees det ønskeligt, at dertil nødvendige Bøger udgives paa dette Maal.


Krigen i Sudan. General Gordon hev no voret kringsett i Kartum paalag eit Aar; men no ser det ut for, at han snart skal verta fri att. Hjelpi, som vart sendt fraa England, stend no i Metameth, inkje meir enn 16 Mil fraa Kartum. Daa Engelskmennerne kom til Metammeth, møtte dei 10,000 Mann av Krigsfolket aat Mahdien, og det vart Slaasting. Engelskmennerne vann og kring 800 Mann af Fienden vart liggjande att paa Plassen. Engelskmennerne mistad paalag 200 Mann. Etter denne Sigeren kjem Krigsfolket aat Mahdien truleg inkje til aa gjera Engelskmennerne so stort Mein for det fyrste.


Eit stort Skulemøte for alle 3 Nordlandi skal haldast i Kristiania i Sumar, soframt Stortinget vil lata til Pengar.


Heidersgaave. Hr. Lensmann Kolbenstvedt hev no voret Tingmann fraa Stavanger Amt sidan 1866, og heile Tidi hev han voret ein stød Venstremann. Mange af Veljaranne hans vilde syna honom, at dei hev havt Skyn paa Dugleiken og Stødskapen hans, difor lagde dei Pengar saman til ei Gaava aat honom. No den 15de d. M. vart Gaava frambori til honom; han fekk ei Stoveklokke og 12 store og 12 smaa Sylvskeider.


Sereige. Fra Hægland skriv dei til Fædrelandsvennen at Samtalelaget hev havt Møte og rødt um, kvat som skulde vera best anten Sameige elder Sereige millom Parfolk. Det vart samrøystes vedteket, at Sereige var det beste.


For Arbeidsfolk i Amerika er det inkje so beint til aa berge seg no, ettersom det vert skrivet i eit amerikansk Blad. Det er umogelegt, segjer det, aa segja plent, kor mange det er som hev mist Arbeidet sitt paa Grunn af dei kleine Tider, men utan aa setja Talet for høgt, kann ein med Vissa segja, at det er 350,000 i Landet, som er forutan Arbeid. Meste Talet fell paa Auststatarne, der dei store Jarnverki hev virket ved Arbeidsstyrkjen sin med 80,000 Mann, og Ull- og Bomuldsfabrikkarne hev sendt ifraa seg 44,000 Mann og Klædefabrikkarne 25,000.


Steinskog. I Amerika er det fleire Stader at Skogen hev gjenget i Stein, soleids i Arizona og kring Rock Mountains, og Folk hev voret der for aa sjaa ei so forvitneleg Syn. Men no kann dei snart spara seg Umaken, baade Naturgranskarar og andre, for Amerikanaren er inkje god for aa lata nokon Ting vera i Fred, sosant han ser seg Utveg til aa tena nokre Dollars. I San Francisko hev dei no bygt ein Fabrik, der denne Tre-steinen vert svarvat og polert og tilskapet til Leikur baade for Vaksne og Born. Steinen skal vera endaa finare enn Marmor.


Dører av Papir. I Amerika hev dei teket til aa laga Dører av Papir. Dei skal vera sterkare enn Dører af Tre.


Burtkomne paa Sjøen . I 1883 kom det burt 4200 Mann og i 1884 3000 Mann. Dette er berre fraa større Skip, som hev gjenget tilgrunns.


Ung Udaadsmann. I Dobika i Kroasia budde eit gamallt Parfolk med ein Soneson paa 14 Aar. Dei gamle var svert glade i Guten, og dei var samde um, at han skulde erva alt dei aatte. Men Guten tykte det vart for lenge aa venta, difor kaupte han Arsenik og strødde i Maten aat Besteforeldri sine, og dei strauk med. Guten er no sjuk, men i Betring og han kjem til aa faa si Straff.


Raaskap. No um Nyaarsdagen slost ein Mann i Normanton, England, for Moro Skuld med eit Æsel. Æselet fekk dei terga upp paa den Maaten, at dei stakk og slog det til det inkje kunna halda det lenger, men laut taka til Motverje. Det vart daa reint rasande og slost med Mannen i 1 ½ Time. Daa var Mannen spend og biten so mykje, at han inkje tolde meir. Æselet var og so ille medfaret, at det var med Naudi, dei fekk det paa Baasen att.


Eimbaaten City of Chicago af Inman-lina gjekk fraa Liverpool den 13de Januar og kom til New York den 23de Januar. Han hadde med seg norske Amerikafararar, som reiste fraa Kristiania den 9de Januar. Alt vel.