Haardusken. Ei Forteljing fraa Italia, etter Rosenthal-Bonin. [Forteljing til Utklypp]

 
(Del 1 av 3.) 
 
-4-

den Maaten; tvo Aar gjekk dei og kytte, men so ein Dag kom dei heim haarlause, og Smaaguten kringsette dei paa Gata, og ropad og skreik, so dei slap mest inkje fram. Men tri Vikur etter var det Brudlaup med Lyst og Gaman, og aldri hev eg høyrt, at dei hev boret seg ille og klaga paa Lagnaden sin ein einaste Dag.

_ Slikt skal inkje henda med meg _ sagde Ditta _ nei aldri i Verdi! Og ho knytte Neven og drog ihop Munnvikarne; ho var reint bleik. _ Det er Røvargjerd slikt, og daa maa ein sjaa til aa verja seg som imot ein Røvar ogso. Den skal agta seg væl, som torer leggja si Hand paa Haaret mitt, det skal eg lova. Og det veit dei væl, og held seg fint ifraa meg.

_ Røvarar er dei inkje endeleg _ sagde Moderi. Noko agalause Villstyringar er sume af Gutarne, men det finst daa bra Folk millom dei ogso.

_ Inkje so eg kjenner nokon - sagde Ditta. _ Eg vil san- neleg inkje gifta meg med nokon af dei. Skal eg gifta meg, so skal det inkje vera med nokon slik, som held meg for jamngod med Muldyret sitt og klyvjar og handsamar meg som han gjer med det, og Menn som er annleids det finst inkje paa desse Leider. Kjære Moder, du veit det, kvifor trengjer du daa paa meg med detta meir. Vert det inkje annleids, so finn eg snart paa aa draga min Kos til Rom eg og freistar aa slaa meg igjenom med eitkvart der.

_ Og so vil du lata Moder di vera atter her i Armod og Naud daa!

_ Du kjem inkje i nokor Naud for det, solenge du hev det gode Jordstykkjet til aa næra deg av. Ellest vilde eg alra helst berre vera hjaa deg, berre eg kunde sleppa, at nokon vilde tvinga meg til aa gifta meg.

_ Ja, ja, Barnet mitt, eg skal inkje tvinga deg; slaa deg berre til Tols du; du skal faa det, som du sjølv vil.

Soli tek til aa glada, ein varm Straalestraum flaut inn gjennem den opne Døri, alle Fjelli var som sveipte i ein Blankje, og
den stille Lufti var fylt med Angen av Rosur, Geranium og Lavendel, so du kunde verta reint som ør.



Haardusken. Ei Forteljing fraa Italia, etter Rosenthal-Bonin .
 
 
Ditta Ceprano sat framfyre Døri og heldt paa med aa kløyva Pileteinar, som ho skulde bøta ei gamall Korg med.

Det var ein Efta i April, Soli stod so heit uppfyre Skogen og Marmorbergi, som den vesle Husrekkja i Byen var hengd uppi, og der Alotrei breidde ut sine blaagrøne spisse Lavblad, og Villrosurne spreidde Blad og Blomar utyver dei flate Hustaki.

Det var tomt og stilt i den strimutte Gata, berre nokre Hønur gjekk og spankad i Solskinet og frammed Veggjerne laag det nokre svarte Griser og sov med alle Føterne rette langt ifraa seg. Alle Folk i Palanella var burtreiste til Palene og skulde vera med i ei Feststemne _ det var berre Ditta Deprano, som var atter for seg sjølv heime.

Det undrad ingen seg paa, for denne Gjenta gjekk for aa vera litt skrullut. Ditta hadde sagt Nei til dei rikaste og gildaste Gutar paa lang Leid, ho var rik, men arbeidde likevæl som ein Træl, ho dansad inkje Tarantella, ho var inkje kaat som dei andre; ho vilde inkje hava Kjærastar, ho slog inkje Mul-eselet, inkje naar det slog sig paa Rangstell des meir _ og det var væl nok, til at ei ung Gjente fekk Ordet for aa vera inkje plent rett i Hovudet i ein slik øyde Avkrok, som laag fire, fem Hundrad Aar attum Kulturen. Med alt dette var Gjenta væn og hadde ein Skapnad, som var motsett all Gjenteskapnad der paa dei Kantar, um dei so for og leitad alt til Neapel.


-2-
 
Kvendi her var som oftast smaae og nette, myrkbrune i Andlitet, smaae skarpe Nasar, uppbøygde Lippur, laag Panne og Krusahaar dinglande nedaat Augo. Kaate og kipne, røda og lægja gjorde dei all Dagen. Huglynnet deira var ei underleg Blanding av Lettsinn og Utreikning, Villskap og Fysne, Sløgd og Einvitugskap. Men Ditta ho hadde ein stor og vælvaksen Skapnad, eit langvoret Andlit, blankt svart Haar og slike underlege milde brune Augo, som saag so tenktsamt paa all Ting, og ein fin fast Munn; ho hadde ein sers Faktegreileik og Stødleik i Gangelaget, og ho talad aldri meir enn som det plent trongst.

Det var greidt, at Gutarne laut gjeva Gaum paa henne, som var so umframs lagad imot dei hine, og Belarar fekk ho baad nære og langt ifraa, alt fraa den Tid ho var reine Ungdomen. Det var daa vist ein for kvar Sundag, som fanst i Aaret, um inkje fleire. Det var ogso nokot som drog ataat det andre, at dei viste ho hadde sine tie Tusund i Banken i Rom forutan ein liten gjeldfri Jordflek. Ditta let Belaranne faa tala ut i Ro, saag berre paa dei med sine milde brune Augo, endelig sagde ho, at ho inkje tenkte paa aa gifta seg. Soleids gjekk det fraa di Ditta var 15 Aar, og til ho vart 20 _ kvar Sundag ein Bedlar, og kvar Sundag ei Korg, men paa Slutten vyrde ho inkje aa svare eingong, men vittad dei fraa seg med Haandi.

Slikt kan ein vita Folk vart tykne paa _ dei kallad henne for ei Tulle, og no eit Aars Tid hadde ho havt Ro for dei.

Det var berre ein, som inkje gav seg, Sonen aat ein rik Bonde langt upp i Heidarne, han plaagad Gjenta jamt. Ved alle Fester og Stemnur, i Messa og paa Marknaden i Palene lurad han paa henne, smeigte, bad og trugad, so ho inkje viste si arme Raad til aa verta kvitt honom; ho torde inkje ganga nokon Stad, jamvæl til Kyrkja torde ho berre stela sig um Kvelden. Det var difor ho hadde gjevet seg atter heime idag ogso, ho hadde paalagt Moderi aa beda for henne.

Ho vart sitjande ute med Arbeidet sit, alt til dess ho høyrde Mannamaal, Styr og Staak nedi Vegen; ho skynad dei heldt paa


-3-

og kom att, ho drog sig inn i Huset, sette paa Gryta og tok til med aa verma upp Maten aat Mor si.

Ho stod og bles i Glodi i den store svarte Steinstoga, daa Moderi kom inn. Det var ei graahærd gamall Enkje med smaae skarpe Augo. Ho var inkje blid, daa ho kom.

_ Rett for ei Skamm! _ ropad ho og slengde den raude Bringeduken ifraa seg, og spente til ein Stol, berre so han slong burtetter _ rett for ei Skamm! No er det berre eg, som maa dragast med ei ugift Dotter, alle Folk gjer Narr av meg og segjer at eg er Moder aat Skrulla. Eg torer snaudt visa meg for Folk.
Ditta saag inkje upp: _ kven er det du inkje torer visa deg for?

_ For Grannarne, veit eg, for heile Sokni; alle Folk baade vidt og breidt so talar dei um detta.

_ Bry det inkje um Folkesnakket du Mor, det er ingen som kann tvinga meg til aa gifta meg. Eg kan inkje taka noken av Gutarne her er _ sagde Ditta roleg.

_ Aa, Endskapen vert no daa den likevæl, at dei kjem til aa tvinga deg paa einkvar Maaten _ meinte Gamla _ det kunde snart koma nokon og skjera av deg Haaret, og daa veit du, det er inkje Raad for anna enn aa gifta seg med honom.

_ Hu for stygge Folk _ sagde Ditta, og det skaut Eld fram i Augo _ er det inkje forgalet daa, at dei skal fara soleids med eit stakars Kvinnfolk. Fyrst lura henne upp og skjera av henne Haaret, og so skal den styvne Skikken vera, at ho vert haldi ærelaus, til dess at han gifter seg med henne, som hev gjort det. Og so kann ho inkje faa nokon annan elder, um ho vilde aldri so gjerne, det er det verste.

_ Det hev nok hendt mang ei Gjente dette, som gjekk so kaut og kastad paa Nakken og heldt seg for god for alle. Tilslutt vart det inkje annar Raad med dei, enn at ein laut skjera Haaret
av dei; og daa hev dei lotet spakna, og gifta seg paa Timen, og eg hev inkje set anna, enn at det hev gjenget utruleg godt. Sjaa no berre ho Emilia Mantori og ho Teresina, ja dei vart gifte paa
 
( Meir.