Fraa ei Sumarferd.

 
(Av Bernt Støylen.)
 
(Framhald fraa No. 7.)
 
(Del 3 av 3. Fyrste delen.)  

Det var ein Morgon tileg, eg kom farande med Dampbaaten til Amsterdam. Det er Hovustaden i Holland, og daa kann du vita, at der er mykje aa sjaa. Endaa um det var tilegt, so var Bryggja kryande full av Folk, og Dampar og Baatar og Smaapraamar for ut og inn gjenom Kanalanne i flokkevis. Det var slikt eit Leven, at ein kunde verta reint hovudtullen, og so snakkad dei so fort og so ugreidt, at eg kunde mest ikkje skyna eit einaste Ord. Det var just sovidt eg fekk klora meg upp aa Bryggja og framigjenom Folkemugjen. So bar det daa avstad aa sjaa seg kringum i Byen. Men det er ikkje so godt aa finna dit ein vil i ei Snarvending i Amsterdam, for Byen er stor og Gatunne gjeng i Krok og Krik, og flatt er der allestader, so det er raadlaust aa faa ei regtig Utsyn yver heile Byen. Han krøkjer seg kring ei Vik som ein uhorveleg Hestesko, og alle Storgatunne i Byen krøkjer seg paa same Maaten, og Smaagatunne gjeng paa tvers uppifraa Viki og sprikjer seg burt igjenom Byen som Tralunne i eit Hjul. Midt burtigjenom Gatunne gjeng der Kanalar, so dei baade kann ro og sigle der. Store Kolvingsbruer er der bygde tvert yver dei og dei største Kanalanne hev dei bygt slike Bruer yver, som dei kann vinda upp, kvar Gong der kjem ei Jagt elder eit Skip og skal inn igjenom Byen. Paa Bruenden stend der ein Mann med ei Stong og passar paa. Der er knytt ein Taum paa Stongi, og i Enden paa den Taumen er der bunden ein Tresko. Naar der so kjem ei Skuta og skal igjenom Brui, so kjem Hollendaren ruslande utor Vagtstova si med Stongi og Treskoen. So slengjer han Treskoen ut paa Skuta og dei legg Brupenganne nedi. Meda dei tel upp Penganne, sveivar han paa eit Hjul, og so opnar Brui seg. Hollendaren halar Treskoen aat seg og tel væl etter. Hollendaren er i det heile svær til aa telja Pengar. Han tel dei uppatter ei tvo tri Gonger, for han vil ikkje lata seg snyta. So smetter han Skilinganne i Lumma og lettar paa Luva, og Skuta fer ruslande sin Veg fram igjenom Kanalen _ ja det er vel undarlegt aa sjaa Skip etter Skip og Jagter og Baatar og Damparar fara burt igjenom Gatunne og tvers innigjenom Byen. I gamle Dagar maatte dette vera lettført, for daa var det ikkje so snart aa koma fram tillands som no for Tidi. Det var ogso den beste Maaten dei viste til aa halda Byanne sine reine og sunne med. Men no fyr Tidi, naar dei kann leggja store Holveitur gjenom alle Gatur og elles halda Byanne mykje reinare enn fyrr paa alle Maatar, daa er desse Kanalanne meir til Stelp enn til Hjelp. Serleg i Smaakanalar og burtigjenom Sidegatunne sankar der seg ei slik Mengd Ufysa og Avfall, at det lugtar verre enn den verste Fjosdema. Vatne ser so tjukt og feitt ut som det skulde vore Mjølkesupa. Dei tek til aa fylla mange av desse Smaakanalanne med Mold, og laga til store Treplantingar burtigjenom Gatunne, og det er no mykje friskare, og so er det mykje lettare for Folk aa koma fram enn naar alle desse Kanalar og Bruer var ivegjen fyr Samferdsla. Endaa tykte Folk, det var vondt, at Byen deira skulde umlagast paa den Maaten og soleids missa den fagraste Pryda si. Og det er sikkert, at so vent som det kann vera i ein gamal hollandsk By, serleg um Kvelden, naar Ljosi er kveikte, det skal du fara vide, fyrr du fær sjaa Makjen til.

Der ser du fram igjenom Gata dei store Gasljosi. Der er tvo Rader, ei paa kvar Sida av Kanalen. Sume Stader er annakvart Ljos raudt og annakvart kvitt. Dei speglar seg i Kanalen og der ser du og tvo Rader med Ljos, sume er raude og sume er kvite. Dei glitrar i Vatne, og Smaaberlinganne fraa Baatanne som fær framum, skjer dei i Skivur og bryt dei i Molar og kastar dei burt etter Vatne. Det er liksom det liver der nedimillom alle dei Ljosstrimanne, og du ser svarte Skuggar fara fram millom Ljosi. De ge-eht o-out! ropar dei langt upp i Gata, og du ser dei høge Mastrenne av ei Skuta, som skal ut Kanalen. Dei vil ha upp Kanalporten maa vita. Der endaa lenger uppe høyrer dei ropar.

De Brucke out! og Storbrui der uppe i Gata lettar paa seg og ein Hollendarkuff og ei heil Horg med Smaabaatar kjem sigande utigjenom Brugape. Det lyser fraa dei lange Husrader paa begge Sider av Gata ned paa Skipsdekki. Folk fer att og fram; smaa og svarte ser dei ut i all denne Ljoseimen. Dei fine Krambuder hengjer ut gildaste Stasen sin fyr aa lokka Folk til aa kjøpa. Ja dei hev mange Stader heile Krambudveggjen av berre Glas og fult av Ljos rundt alle Veggjer, so det skin av dei lange Leidi burt i Gata. Det er so krytjande fult av Handlarar i slike store Byar, at dei lyt noko finna paa, skal dei faa selja so mykje, at dei kann liva av det.

(Meir).