Fraa Vaage.

 

_Maalsaki gaar fram og fram vonoms fortare; ho gror i Krokar og veks i Avdalar der ingen kunde drøyme um det. I Otdalen, ein djup, svart og trong Avkrok av Vaage, har me eit Samtalelag med 40 Medlemer, og som no har arbeidt væl eit Aars Tid. Lage vart stifta den 13de Januar 1884 og i det Aaret, som gjekk, har det havt Møte ein og tvo Gonger um Maanaden med Ordskifte um dei ymse Spursmaal, som ”brenn” ute i Samfundet og i vaar eigen vetle Krins. Lovarne for Laget, Ordskiftet og alt, som skal skrivas, er paa Maalet. Eit handskrivet Blad, ”Otdølen”, kjem ut med eit Numer til kvart Møte, og han er au paa Maalet. ”Otdølen” hadde ifjor tvo faste Utgjevarar, men iaar vel Samtalelaget tvo Utgjevarar for kvart Numer, som skal utgjevas. Me arbeider soleids det vetle me kann for Maalsake her i vaar vetle Avkrok au og Hugen og Hjartelaget er godt, men Krefterne er smaae. Fyrste Emne me hadde uppe til Ordskifte i Samtalelaget var Maalsaki; alle var samde um, at me lyt faa: 1) Maalet fullt ut inn i Skulen, 2) ein Lærar i Norsk ved Universitetet, 3) Norsk som Læregrein ved Seminararne, 4) Bibelen umsett. Laget sjøl og Medlemerne vilde, solangt det orkar, stydja vaare Maalblad ved aa tinge deim og kjøpe vaare Maalbøker og ellest gjera Saki kjend og kjær millom Grændsfolk og Kjenningar. Fedraheimen likar me godt og ynskjer, at det maatte gaa fort, at han veks upp til det mest utbreidde Blad i Landet.

 

Noko, som Samtalelaget i dei tvo siste Møte har havt livlegt Ordkast um, er Avhaldssaki. Drykken er forfælande her uppe i Bygdom, det er Skade det, at det er Brennvinet som skal bera Hugnaden og Moroi i Selskapslivet _ den eine Ungdomen etter den andre brenner upp sin Dug og sin Hug til Arbeid for høgre Fyremaal _ brenner dei upp i Spiritus! _ og det verste er, at ”Fylla”er ikkje set paa som ein Last elder ei Samfundssyn, som mergestel oss. _ Det er eit Livsspursmaal vorte no, for den som har Auga for den Skade Drykken gjer oss, og arbeide for Avhaldssaki _ ho er ei av dei største som er uppe, og det er gledelegt aa sjaa, at ho vinn fort fram. Men eg trur mest paa sjølvstenduge Samlag mot Drykken i kvar Bygd; det norske Avhaldsselskap trur eg har gjort overlag mykje godt, men somykje, som eg har lært aa kjent til Arbeidet aat det for Saki, so har det vilja lagt som ei gudeleg Farge yver Samlagje, og det trur eg ikkje er klokt. Avhaldssaki er ei Sak som alle maa semjas um, Kristne og Fritenkjarar, Høgre og Vinstre, og ved aa arbeide for Saki berre fraa den gudelege Sida trur eg at mange blir burte elder hyklar seg med.

 

I Samtalelaget i Otdalen er det 9_10 Medlemer, som gjerne vil melde seg inn i eit Avhaldssamlag, og truleg kjem me til aa stifte eit slikt med det fyrste.

 

 

Vaage, 20de Januar 1885.

 

I Styret for Otdalens Samtalelag

 

Ivar Kleiven,

 

Formann.

 

Frå Fedraheimen 28.01.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum