Boksjaa.


Magne No. 2 inneheld: Al Ting er Forfængelighed (V. Ullmann). _ Et Vennemøde (Fr. Wexelsen). _ Bognyt (Olaf Røst).

Magne er eit Blad, som me trur mangein vil hava Hugnad av aa lesa. Det kjem ut tvo Gong um Maanen i Trondheim og kostar Kr. 1.30 Halvaaret.

Det er Fr. Wexelsen, V. Ullmann, Olaf Røst og H. Wexelsen, som styrer det og skriv det meste i Bladet.

Det gjeng ein Grundtvigsk Aand gjenom Bladet, men den er inkje strengare, enn at ein kann lesa det med Hugnad, um ein er aldri so ueinig i Grunnsyni. Solenge me inkje hev fenget ei full nasjonal og heimleg Form for vaart gudelege Liv, hev me ingen Rett til aa vraka reint anten den tyske elder den danske Innverknaden, men taka imot det me kann bruka paa baade Staderne. No er det væl so, at Pietismen er den mest nasjonale Form for Kristendomen me hev, og den vantar helder inkje Kraft, men den er fatig og magtar endaa inkje heile Aandslivet vaart. Det er soleids fyrst ganske nyleg, at Pietismen for Aalvor hev tort innlata seg paa Politikken. Men endaa er det mange Greiner i Aandslivet vaart, som den inkje hev fenget Tak i.

Grundvigianismen hev likesom inkje den Kraft som Pietismen, den er meire linn og meir lyrisk, men so hev den ein Fyremun i det, at den hev eit rikare Innhald, den rømer Mannalivet paa alle Kantar og gjev det sin eigen Daam og Farge.

r.


Hjaa Cammermeyer er utkomet: Moppy og Poppy. Farce i 3 Akter. Af Bjørn Bjørnsonog Olaf Hansson.

Heile Stykkjet er berre Løgje fraa fyrst til sist, eit Leven, som er gastelegt paa sine Stader. Moppy og Poppy er tvo Smaabikkjur, som er burtkomne fraa ei gamal, tærren Tante, og so er det daa ein faarleg Ruskedugning og utruleg mange ugreide Flokar aa løysa, fyrr dei kjem til seg att. Bjørn Bjørnson skal hava skipat til Beingrindi (Handlingen), er det sagt og Olaf Hansson gjort Rødurne.


Norges förste nationale Scene. Af T. Blanc. 9 _10 (siste) Hefte. Kr. 1.00.
 
Gjurd.