[Tidender.] Naar Stakaren er sinnad,

 
og berre det inkje finst noko anna for honom aa ilska seg paa, so lyt han dikta upp. Soleids var no Aftenposten komen seg paa ei slik Ulone no for all Heidren, som drys ut yver Svedrup, at nokot maatte dei hava til aa stydja upp under Sinnet sit, kor dei so skulde taka det ifraa. Dei sette daa iveg den Heimløysa, at Regjeringi inkje hadde gjort noko, ho kom reint ibeit, for endaa var det daa inkje trykt elder ferdiggjort det einaste Grand av det, som skulde framleggjast for Storthinget. Og so kom det daa slike Lovord um dei fyrre Styringarne, det var andre Karar det, dei hadde altid sitt ferdugt til rett Tid.

Sanningi er den, at det er mange Saker fraa Regjeringi, som alt er fult ferduge, og dei hev slett ingen Ettermun mot fyrr, endaa dei hev havt stuttare Tid og verre for aa faa høveleg Arbeidshjelp af Kontormennerne som er gamle.

Me trur nok det skal visa seg, at det er inkje berre i dei politiske Spursmaali berre, at vaare nye Menn er betre, men trur det ogso skal sannast, at til aa styra eit arbeidskontor er dei likeso føre, som hev fenget si Upptemjing i det praktiske Liv, som dei, som hev aket seg fram paa Kontorkrakken.