[Tidender.] Morgenbladet


er eit av dei mest mannvonde Høgreblad, her finnst. No stod eit Stykke af verste Slaget um Advokat Qvam og Prest Oftedal, avdi Kongen hev latet dei fenget Embætte. Qvam er kjend for aa vera ein dugande Jurist, som vist mange Bygder i Landet vilde lika aa hava til Domar, men daa han er strid Vinstremann og stundom hardtalende, so finn Morgenbl. paa, at han inkje vil vera rettvis i sitt Domarkall. Dette kan inkje skada Qvam, men det syner Morgenbladets Vondlynne.

Oftedal, det er inkje vetta til Prest, segjer Morgenbl.; han er ein vesal Vinstremann, ein Riksrettslagar, som hev fenget eit godt Prestekall i Stavanger som Løn for sin Politikk. Den, som ligg i Søyla, vil hava andre med seg. Morgenbl.vil faa det til so, at den nye Regjeringi inkje er betre enn den avdømde, likesom daa ho gjorde Novemberhøvdingen til Domar. Diføre skrik Morgenbl.: Oftedals Utnemning til Prest i Stavanger er Urett, avdi Prest Landstad søkte, og han er 3 Aar eldre Kandidat enn Oftedal. Men Morgenbl. er fult av Faavit: det trur, at Vinstremenn narrar Folk til seg. So vil Morgenbl. og narra Folk, daa det meiner, at Folket er dumt og uvitande. Ingen Mann er so styven, at han inkje veit, korleids Morgenblads-partiet ser ut innvortes _ den Slag Politikk er mykje lik kalkade Graver. Oftedal hev voret i Stavanger i lang Tid og gjort store gode Ting. Han hev stelt til ein Barneheim, som føder i hundredevis af fatige Born; han gjev i tusundvis af Krunur til denne Heimen. Han hev vankad um paa mange Leider og tala Guds Ord med Livsens Magt og vekt Liv og Sanning i mange Dalar. Han hev gjort mykje meire stort og godt, enn nokon annan Prest i Landet.

Denne Mannen vil Morgenbl. skambita.