[Tidender.] Høgre og Kongen.

 
Me minnest alle, kor vyrke Høgre var for Kongens Ære den Tid Selmer og Schweigaard var Ministrar. Daa skulde det inkje mykje til, fyrr Morgenbl. dømde Folk paa Festningi. Berre ein lastad aldri so litet paa Statsraadet, so hadde ein gjort Høgbrot med det sama, iminsto hadde ein inkje synt so stor Vyrdnad, som ein etter Landsens Lov og Guds Ord var skulduge aa syna mot Kongen. Men korleids er det no? Jau no ærar Høgre Kongen paa den Maaten, at dei søkjer aa gjera Livet so surt som mogelegt for honom; no kastar dei honom i Nasan baade den vælkjende Trontalen hans Selmer og Diktamenet hans Kjerulf, sosnart han etter Innstelling fraa sit Raad gjer ein Vinstremann til Embættsmann elder han gjev høgtstaa-ande Vinstremenn Ordenar. No minner dei Kongen baade seint og tidlegt um alle dei Daarskapar, som dei avgjengne Statsraadarne einast ber Andsvaret for. Og Friele hev god Greida paa, korleids han skal stella seg, naar han vil gjera Livet beiskt for dei, som han er Uvilje mot.

Ogso paa andre, men meir løglege Maatar syner dei, at dei inkje vil æra Kongen so lenge han hev eit Vinstreministerium. Me minnest soleids, at Høgre baade i Tide og Utide hev drivet og haldet Skaaltalar for Kongen; men naar høyrer du dei driva med sovoret no? Paa Kongens Fødesdag hev Høgre brukt aa traktera Middag paa Fatikfolk i Hundratal, men iaar laut Fatigfolk kaupa seg Middag sjølve den 21de Januar.

Sanneleg! Fædrel. hev all Grunn til aa uppmana sine Folk aa til elska alle og æra Kongen.