[Tidender.] Forfall og Nedgang!


Ja no er det Forfaldets og Nedgangens Tid for Høgre, og det tilgagns, og me trur snaudt, at Birkeland, daa han nemnde desse vælkjende Ordi, hadde nokor Slag Meining um, at Forfallet skulde verta so til Gagns, som baade han og andre no ser, at det er. Ja for no kann me inkje godt tru, at korkje Birkeland elder nokon annan Høgremann ottast for, at Forfallet kann verta større elder Nedgangen føra so mykje som eit einaste Steg lenger ned. Høgre hev altid trutt, at Kongen var deira Konge, og daa han tok Sverdrup til Ministar, so gjorde han det berre, fordi han var nøydd til det, og det var greidt, totte alle Høgre, at han vilde jaga honom so snart det let seg gjera. Men kvat hev inkje hendt no i det siste? Jau Kongen hev sjølv utnemnt inkje mindre enn 3 9de Juni-menn til Riddarar av St. Olafs Orden, og han, som hev voret Sjæli i alt det stygge, som hev hendt no denne siste Mannsalderen, han som til og med var Formann i Aksjonsnemndi, han, som Høgre hev teiknat av med Hestehovar og Horn i Barnebøker, for at dei smaae skulde læra seg til aa vanvyrda honom rett munelegt, han hev til og med fenget Storkors for statsborgerlige Tjenester; og det av H. M. Kongen sjølv. Og paa Storkorset stend Ordi: Sandhed og Ret.

Men dette er inkje alt. Høgre hadde den Trui til Kongen, at han skulde setja seg imot, at Vinstremenn fekk Embætte; men no hev ein 9de Junimann og ein av dei, som hjelpte mest duglegt til aa faa Selmer under Riksrett fenget seg Embætte, og det gode Embætte og. Kann det so falla meire i Grus? Kann det so gaa lenger nedyver? Birkeland! Birkeland! hadde du set so langt fram i Tidi, daa du kom med det um Nedgangen, so vilde du truleg inkje nemnt eit Ord, men berre komet med ein langt tung Sukk.

Ja Nedgangen for Høgre er stor, og Sorgi deira er stor; men so er det no og Synd aa segja annat, enn at Skriket og Taarurne er deretter. For verre Illskrik, enn det som Høgre no hev sett upp, hev me snaudt nok høyrt fyrr, enn no; for no hev Forfallet og Nedgangen etter som Morgenbl. og Aftenposten fortel millom Linurne, naatt til den Staden, som Skulestyrar Gjertsen vende Augo sine mot ifjor.