[Tidender.] Yverfall i Eimvogni.
Paa jarnvegen millom
Karkow og Nikolev (Rusland), hende det nyleg, at ein Agent for eit
stort Handelshus, som handlad med Korn i Königsberg, steig inn i ei
3die Klasses Vogn i Voldjanaga. Ein Mann
kom daa burt til honom og sagde, at han
gjorde rettare i aa ganga inn i ein 2dre Klasses Vogn; han gjorde daa
det og sagde til Konduktøren, at han skulde leggja til so mykje, som
det den Plassen han no hadde var dyrare.
I Vogni, han var
komen i, var det mange Folk, og alle sov dei. Agenten sette seg og
lest sova; men ellest var han ottefull, daa han hadde mange Pengar
paa seg. Med eit so høyrde
han, at Konduktøren vekte dei som sov. Dei trudde daa alle, at
Agenten sov og vilde til aa strøypa honom; men Agenten var sterk og
greidde Ugjerningsmennerne ifraa seg, so han kom ut paa Gangbrettet.
Men dei kom etter honom og trykte honom inn i Vogni att. No var dei
komne til ein Stasjon, og med dei heldt paa med Slaastingi, kom
Agenten til aa spenna ut ei Glasrute i Vogni. Der kom daa Soldater
til og vilde taka Valdsmennerne; men dei sagde, at dei heldt paa aa
fengsla ein Lummetjuv. Agenten vart daa sett fast, og dei andre var
inkje seine til aa taka Beini fatt, sosnart Soldatarne var komne av
Syne.
Agenten slapp laus att,
sosnart han hadde sagt fraa korleids alt var gjenget til, og Politiet
skundad seg daa for aa faa Tak i dei rette Brotsmennerne; men daa var
dei ingen Stad aa finna.
Publisert