Tidender.
Kristiania,
den 20de Januar.
Tvidraget
millom Statsraadarne hev løyst seg paa ein fredeleg Maate. Dei kom
hit alle 3 Stockholms-statsraadarne vaare for aa faa det greidt,
Endskapen vart daa, at korkje Sverdrup elder Daa laut ganga ut, som
Høgrebladi spaadde. Det segjest, at Semja vart gjord paa den Maaten,
at baade Sverdrup og Daa jamnad paa seg nokot.
_
Regjeringi vaar hev hermed synt, at ho godt kann tola ymse Støytar,
utan at ho ryk sund, og ho kann godt tola, at det raader forskjellige
Meiningar millom Statsraadarne ogso, som likesom repræsenterar
heile Vinstre med alle dei Brigde der finst. Det er i so Maate ein
Skilnad paa Høgre og Vinstre, segjer
V.
G.
, Høgre er ein liten samanmengd Hop,
der alt er av same Deigen, og der skilst det ingen Ting millom Folki,
den eine er som den andre, like som tvo Vassdropar, det er berre
Namni som skil. Soleids maa det vera med eit Stillestandsparti, og so
trur Høgre, at det maa vera paa same Maaten med Framstigspartiet. So
stor er Vankunna deira.
Sverike.
Riksdagen vart opna no um Maandagen. I Trontalen vart det nemnt, at
Styringi vilde koma med Framlegg um eit Departement for Jordbruk,
Industri og Handel. Eit Framlegg um Krigsstellet vil og verta
framsett. Pengestellet stend godt.
Dag
_
Blad
aat ungdomen
_
er fyrste No. utkomet av, (andsvarlege Styrarar Nils Brenne og Marius
Hægstad). Innehald: Vaart fedraland! (Kvæde) av Marius Hægstad.
_
Aat lesaren! (Bladstyret).
_
Vaar folkeskule I.
_
Skyttarsaki.
_
Nyaarsnatt (fritt etter Jean Paul).
_
Til ungdomen i samtalelag!
_
Dessutan Smaastykkje (Eventyrsamlaren Peter Christen Asbjørnsen,
Tollinntekterna, Den eldste folkehøgskulen, I Vemundvik samtalelag,
Tankar og ord, Straff).
Bladet byrjar godt,
og det var ynskjelegt um det kunde faa den Studnaden, som det
fortener.
_
Sjaa under Lysingar.
Kongen og
Dronningi
skal halde Gjestebod den 21de
d. M. Det er Fødselsdagen aat Kongen daa.
Kronprinsen
og Kona hans kjem til Noreg den 28de d. M.
Grunnstøytt.
Ein stor Eimbaat skulde no nyleg paa Reis fraa Skien til England med
Trelast. Daa han kom eit Stykkje ut i Elvi vart Straumen so strid, at
det var raadlaust aa styra, og Lastdragaren støytte paa eit Skjer i
Elvi, og der stend det endaa. Det hev truleg fenget Lek og lyt
vølast, skriv
Porsgrunds Blad.
Gamall og frisk.
Paa Austmoen i nordre Odalen liver ei Enkje, som er 97 Aar, og endaa
er ho nokso frisk baade paa Sjæl og Kropp. Ho er uppe all Dagen og
vigtugaste Arbeidet hennar er aa vogg og strikka. Er det nokor Tid
dei inkje hev Arbeidet fult ferdugt aat henne, so set ho seg til aa
graata, for ho er inkje Kar for aa vera yrkelaus. Det raraste er, at
ho no paa sine gamle Dagar tek til aa faa nytt Haar, nytt Syn og nye
Tenner. Ho bergar seg alt utan Brillur og Haaret kjem so fint og
mjukt som Ull; men det er drivande kvitt. Dei nye Tennerne er nok
inkje rett paa Moten, for dei er svarte og ein Mun kortare, enn dei
Tennerne, ho hadde fyrr. Kjeringi er drjug til aa røykja. 4 Gonger
um Dagen røykjer ho tom ein Pipe, som er stappa med sterkaste
Skraatobak. Nar ho hev røykt Pipa si ut, et ho eit Stykkje Braud med
Smør paa for aa faa Tobaksoljen or Halsen, og so slær ho seg roleg
eit Bil for aa nyta Tobaksrusen.
Arbeidsløysa
er stor i Stavanger, skriv
Vestlandsp.
246 arbeidslause Menn hev difor sendt eit Brev til Komunestyret, der
dei bed um, at det maa verta funnet paa eit elder annat gagnlegt
Arbeid for Byen, so dei, som inkje hev nokot aa gjera, kann faa tena
Maten i Munnen. Bystyret hev teket seg av Saki.
I Trondheim
heldt dei Venemøte til folkeleg og kristeleg Upplysning den 2dre
Januar, Fyredrag og Song.
Idag fyre Middag
fann dei ein Mann, som vanleg vart kallat Ingebert Steinmann,
liggjande daud ved Breidevatnet, skriv
Vestlandsp.
Det er truleg Drykkjen, som er Orsaki til det. Han var sedd igaar
etter Middag, og daa var han full, og det eine Augat hadde greide
Merkje etter, at han hadde sleget seg. Det er truleg daa, han hev
gjenget ut yver Rekkverket og svimesleget seg; so hev vel Kulden
greidt Resten.
Det Drikka,
det Drikka! det kostar mange Pengar um Aaret, som me høyra so titt;
og det kostar Mannaliv med. Det er ei gamall Vis, at Folk skal hava
Drikka med Jolahelgi, og so hender det, at dei fær so altfor mykje
av det, at dei vert liggjande elder gangande ute og skamfrys. Soleids
var det med ein Mann fraa Skjæveland i Høyland ein av Joledagarne;
fyrst drakk han, so var han hjelpt til Husar, men daa døydde han.
_
No Nyaarsaften var det likaeins med ein Mann fraa Mosige i Time; han
var paa Ferdavegen mykje forkommen, vart hjelpt inn i eit Hus i
Høylands Sokn og
_
døydde.
Kor lenge tru denne
Visi med Joledrikka skal vara? Det er fælt, at Pengarne skal verta
burtkastat til so gagnlause Ting; men det er fælare endaa, at unge
friske Menner skal rivast burt
_
og det endaatil i sovore Tilstand
_fraa Samfundet, fraa Kona og Born
fyre Tidi. Avhaldssaki lyt stydjast; og der maa arbeidast med Magt
for aa fri seg for denne Landsens Ulukka.
(Vestlp.)
Snjostorm
hev det voret inkje berre her i Landet; men ogso i England og
Jylland, so at all Samferdsla laut stadna.
Lerka
hev alt komet til Skaane.
Ein
Aarhane
kom og støypte seg beint mot Glasruta hjaa ein Skreddar i Drammen,
berre so Glasbitarne flaug i Andlitet paa honom. Skreddaren vart
sinnad, og til Straff tok han og vreid Hovudet um paa Aarfuglen.
Paa Jadren
hev dei funnet Sylv, som dei trur det vert lønsamt aa driva etter.
Raad
for
Uraad.
Ei Kjering paa Vestlandet var i Beit for Smør, og Pengar aatte ho
inkje. Kvat skulde ho so gjera? Jau ho fann
paa Raad. Ho bad Son sin gaa ikring til
alle Smørhandlararne og beda um Prov paa kvart Smørslag dei hadde.
Guten gjekk og kom att med Hgr. 2.5, og med det greidde Kjeringi seg
for det fyrste.
Kveise-sotti
(Kopparne) vert verre og verre i London. No siste Maanaden er det
stroket med inkje mindre enn 156 av Sjukdomen.
Rik Tiggar.
I Antwerpen tok Politiet no for nokre Dagar sidan ein Fatigmann, som
gjekk ikring og tagg. Det synte seg daa, at Mannen hadde ei Pengebok
med inkje mindre enn 14,000 Franks i.
Jordskjelte
hev det voret mange Stader no. Fyrst var det i Spania, so i Italia og
Tyskland og no sist i Austfrankrike. Her i Landet skal dei og hava
merkt Jorskjelte paa Nordmøre og paa Lesja.
Eit rart
Folkeferd
liver i Delaware, Amerika.
Det er ei Blanding
av Maurarar og Indianarar. For mange Aar sidan grunnstøytte eit
Skip, der Mannskapet var berre Maurarar, der paa Kysten. Mannskapet
bergad seg iland, og dei Indianaranne, som budde der, var fredsæle
Folk, som for snilt med dei framande og gjorde dei til sine
Jamnlikar. Mauranne giftad seg med Indianergjentur, og Etterkomaranne
deira er eit vent og kraftfult Folkeferd, som inkje vil hava nokot
Samlag korkje med Negrar elder Amerikanarar; men berre gifter seg med
kvarandre.
Suez-Kanalen.
Det er inkje so rett mange Aar, sidan den digre Grefti vart gravi
gjenom Suez-tangen, og det var snaudt nokon daa, som trudde, at ho
nokosinn skulde verta for liti. Men alt no gjeng det so mange Skip
millom det indiske Hav og Midelhavet, at dei hefter kvarandre ein
heil Del, naar dei skal gjenom Kanalen, og for ei Tid sidan vart det
nedsett ei Nemnd, som skulde granska Saki. Lesseps var Formann i
Nemndi, og han og dei, som var saman med honom, er no vortne samde
um, at Kanalen skal gjerast so stor, at han heretter vert 65 Meter
breid og 8 ½ Meter djup. Arbeidet kjem til aa kosta paalag 200
Millionar Franks. Eit Selskap hev teket paa seg Arbeidet og skal hava
gjort det fraa seg um 6 Aar.
Paa Jarnvegen
millom Busleburg og Wolverhampton, England, støytte eit Godstog og
eit Pasasjertog mot kvarandre. Alle, som var med, vart skadeslegne og
fleire Vogner vart knuste.
Livande
Lik. I ein
liten By i Tyskland, gjekk ein Mann inn til ein av Grannarne sine, og
medan han var der, datt han i Golvet og reiste seg inkje meir.
Doktoren sagde, at han var daaen, og Presten gjorde dette kunnugt
fraa Kordøri for Kyrkjelyden sin. So vart Mannen sveipt og stelt, og
daa han skulde jordfestast hadde det samlat seg mange av Venerne og
Frendarne hans for aa beda ved Liket, ettersom Skikken er bland
Katolikararne. Men med eit, so stod Daudingen upp og sagde med
klagande Mæle: Eg er inkje daud. Han hadde voret skindnad og
han hadde greidt høyrt, kor Borni hans gret og jamrad seg, og
korleids Venerne hans trøystad dei, og det var med Rædsla han saag,
at dei vilde jordfesta honom. Han greidde seg sovidt fraa det, den
Gongen; men Rædsla hadde øydelagt Vitet hans, og dei laut leggja
honom paa eit Galehus. 14 Dagar etter døydde han.
Sultanen
i Konstantinopel
hev gjevet 9000 Krunor aat dei husville i Spania.
Publisert