Nokre Ord til Paal Killand.
(Um Drykken paa
Festerne).
I
Fedrah.
No. 58 hev P. Killand fortalt, korleis 17de Mai- og Skjotarfesterne
vert haldne her i Fyrisdal.
Daa eg finn, at Killand
hev maala det altfor svart av, vil eg segja nokre Ord um dette.
Det, som han no finn
so rivgali ved desse Festerne, er Punsen, som gjer Festerne til
Drykkjarlag og ikkje til Folkefester, segjer han. Eg er einig med
Killand i det, at dersom Festerne vert til Drykkjarlag
_
ja so vekk med dei. Men eg meiner no, han framsteller Saki altfor
svart. Han vil no ikkje fara med nokon Sminke, men framstille
Saki, som den er, segjer han, ja so skal det au verta.
Ved Festerne er der
alstøtt utvalt nokre, som skal laga til det, som skal njotast, anten
det no er Mat elder Drykk. Her i Fyrisdal er det no paa sama Maaten,
og eg veit no, at det her til Festerne inkje vert bryggja so mykje
Puns, at Folkje kann verta drukne av det, men so hev mange ei
Lummeflaske ved Sia, og so kanskje dei kauper Øl attmed, og me veit,
at mange Muner dreg; og daa høver det kanskje, at sume fær
ein Blyhatt paa. Eg trur derfor ikkje, eit Par Punseglas var so
faarlege, naar berre ikkje den Slarveskikken med Lummeflaskurne var.
Killand fordømer
Bruk
og
Misbruk
av Brennvin like radt, eg fordømer berre Misbruken. Det kann ingen
negta, at eit Glas Puns gjer Feststemningi meir livandes; men det
gjeldst um aa halda dei rette Grensurne. Sjaa berre til aa faa
Lummeflaskurne vekk, og Grensurne er avstukne med Umsyn til Maatehald
her paa Festerne.
Det syntest meg, at
Killand fann det mykje simpelt aa standa paa ei Timbre og deile ut
Punsen
_
av ei Bytta og med ei Sleiv.
Ja, det vilde vist ikkje
mange havt imot, aa kunna havt ein stor Sal aa vera i, og lange Bor
og Krakkar, kvar sitt Glas og ei Punsemugge aa ause av; men det er no
ikkje alle, som kann hava det so, Smaafolk maa nøgjast med aa hava
det paa simplare Maate; og paa ein solblank Sumardag synest no eg,
det er likso hugnasamt aa sitja ute; og Bytta og Sleivi var vist
likso reinslege, som om det alt ihop hadde vore av Sylv og Gull.
Drykk fylgjer Vinstre som
ein Skuggje, segjer Killand vidare; ja det er Vinstre, som skal hava
det; Høgre er ikkje verd aa talast um. Truleg, at Drykkjen der ligg
klaarare for Dagjen; elder at den der meir skal løynast, for det er
no jamt so med Høgre, at den verste Styggedomen vert løynt.
Eg vil au hava vekk Drykk
og Drykkjelag; for me veit, at der med den fylgjer berre Synd og
Vesaldom; men det er det eg vil halda fram, at det er ikkje Synd i
maateleg Bruk av Brennvin; men i Misbruken; og den bør alle arbeida
imot; men eg totte Killand burde sagt si Meining paa ein meir
skipeleg Maate; det vilde daa gjort likso god Verkning.
X.
Publisert