Tilsvar til "X".
I sitt fyrste Stykke
(No. 59) skreiv
X,
at Livsfaaren fyre Maalsaki laag i det, at Wikner maatte bruka
svenskMaal.
Til det sagde eg, at
den Tale sømer illa fyre ein Maalmann; og eg segjer so enno
_
ikkje med Slengjeord og Spitord, men fyre rame Aalvor.
Men no i Tilsvaret
snur han det so, at det er i Wikners
filosofiske
Standpunkt
Faaren ligg.
Dettesvarade eg sjølvsagt ikkje paa i mitt
Stykke (fyrr enn
X.
hadde nemnt det). Og hadde det voret det han skreiv um den Gongen,
vilde eg vist ikkje hava lagt meg frammi; for eg er ikkje so kjend
korkje i den spekulative elder den nyare Filosofi, at eg vilde finna
det sømelegt fyre meg aa føra det offentlege Ordet der.
Sidan eg er komen
inn i det, vil eg segja eit likvel: er Wikners Filosofi so utlivd og
kraftlaus, som X. meiner, ja daa synest eg ogso, at det sømer seg
illa fyre ein Maalmann aa vera so rædd
denfyre Maalsaki Skuld.
Den som ser
Livsfaare fyre Maalsaki, dersom ein Professor med ei magtlaus
Filosofi fær klint nokre svenske Formlar og Talemaatar paa ein
Flokk Studentar, den Mannen treng aa koma ut millom Landsfolket, koma
livande med, so han kann læra aa kjenna
Krafti
i Maalsaki og læra,
kvar den Krafti
ligg
.
Vonheim 10. 1. 1885.
Matias Skard.
Publisert