Rispur.
Tiggaren:
Aa,
gjev lite til ein halt Mann!
Frua: Skamlause
Menneskje, for nokre Dagar bad De um Gaave, og sa, at De var blind.
Tiggaren: Aa ja, kjære
Frue! Folk vil gjerne hava nokot Umbyte.
Fraa
Rettssalen.
Domaren: De vart grepen nettupp, daa De tok Klokka ned fraa Hylla.
Korleids vil De naa greida Dykk?
Den saksakte: Eg vilde
berre draga ho upp.
Ein Prest,
som
vilde, at alle skulde gaa tor Vegen for honom, køyrde eingong paa
ein Bygdeveg. Daa maatte Kusken stane for ei Bondekjerre. Presten
stak Hovudet ut or Vognglaset, og daa han saag ein diger Kar sitja
paa Kjerra, sa han: Du er nok betre nærd enn lærd, du. Det
er trulegt det, svarad Guten, for det er me sjølve, som nærer
oss, men det er De, som lærer oss.
Ragnar.
Publisert