Fraa Honnes.
(Sætisdalen).
Fedraheimens
Lesarar hadde væl inkje noko imot aa høyra litevetta her ifraa oss
Hondølar.
I Upplysningsvegjen er me
nokso langt framme. Dagskule hev her vore kvar einaste Vetter no i
dei seinste Aari. Amtskulen hev ogso gjesta oss tvo Gonger.
I Politikken fylgjer me
med i kvart einaste Grand. Det er sjelda, naar ein kjem inn i eit
Hus, anna hell ein fær set eit hell fleire frilynde Blad liggjande
paa Bore.
Og tenk! so fær me
ein heil Del av
Fædrelandet,
som Grunnlovsforeiningarne
_
dei kallar
_
sender kringum til oss.
Tenk!
Fædrelandet
skal erobre Nedenes og Akershus til næste Val, segjer dei. Det
er utrulegt! Eg trur knapt, at det er ein iblandt tie, som gjer seg
so mykje fyre, at han riv av det Umslagje. Dei kastar det mest burt i
ein Krok solengje til dess, at det hev vertet væl søylutte, so
kastar dei det ut. Det ser inkje ut til, at
Fædrelandet
fær nokon Inngang her i Honnes, um de nokso mykje kallar seg med
Kristendomens Namn.
Her i Honnes hev me og
byrja aa høgtida 17de Mai og 9de Juni.
Ifjor Sumar fekk me istand
eit Skjotarlag, som slutta seg til Folkevæpningssamlaget.
Dette Skjotarlaget
vaart, det hev gjengi frametter med Kjempestig. I Fyrstningi talde
det bare nie, tie Medlemar. Me fekk oss daa ei Byrse aa til aa
skjota. No teler me 41 Medlemar.
Ulebør, 22
_12
_84.
O.
Publisert