[Tidender.] Valet i Stockholm.
Høgre i Sverike
vart fælande arge, daa Vinstre vann ved Riksdagsvalet i Haust, og so
lenge dreiv dei med Lovtolkningar og Lovkrokar, at dei fekk Valet
underkjent. Det, som gjorde, at Valet laut ganga um att var, at 30
_40
Mann, som inkje hadde Røysterett hadde voret med og stemt, endaa
Vinstrelista hadde havt mange hundrade Røyster fleire enn
Høgrelista. I Millomtidi fekk dei seg eit nytt Høgreblad. Det
skulde serleg tolka Svenskarne sin Uvilje mot Noreg, og difor skulde
det arbeida av alle Krefter for, at dei gamle Tingmenn, som hadde
talat Noreg sin Rett, skulde kastast. Serleg lagde det nye Bladet
Elsken sin paa Hedin; han skulde no kastast.
No Fredagen stod Umvalet,
og det svenske Høgre rosar inkje Leiken. Ved Valet i Haust vart det
valt 16 Vinstremenn og 3 Høgremenn; no um Fredagen vart det valt
berre Vinstremenn. Paa Valdagen gjorde Høgre alt sitt for aa blingra
Vinstre; soleids sagde dei, at ein av dei, som stod paa Vinstrelista
inkje hadde Røysterett, og daa det var avsanna sagde dei, at han var
daaen. Men Vinstre let seg inkje narra, dei sigrad med Yvervigt av
paalag 700 Røyster.
Publisert