Tidender.

 
Kristiania, den 9de Januar.

Maalsaki i Volda (Sunnmøre). Trie Joledag vart det haldet eit Møte i Volda for aa dryfta Maalsaki. Rasmus Steinsvik heldt eit lenger Fyredrag um Saki. Paalag 70 Menneskje var tilstades. Etter Fyredraget eit kvikt Ordskjifte. Per Riste vart vald til Styrar og talad varmt for Saki, likeeins fleire andre. Klokkar Laugvand synte iser kor tung Yvergongen var fraa den mundtlege til den boklege Undervisning. M. Høydal var imot, daa han trudde, at me liksovel var tent med eit framandt Maal som Amerikanararne, og at Folketanken skulde vera aa gjera alle Europa-Maali like. Snart Semjing um, at Maalsaki var vigtug; men kva skulde gjerast? Langt Ordkast um det. So Forslag fraa Steinsvik, som meinte det var best aa slutta seg til Vedtaket fraa Sogn. Dette vart gjenomgaatt Punkt for Punkt, og sistpaa samrøystes vedteket, med det Tillegget, at Norsk skulde vera fullgildt ogso til Rettsmaal.


Ein norsk Katolik , Waldemar Dons, Stipendiat hev voret i Filosofi, heldt eit Fyredrag i Arbeidarsamf. Onsdagskvelden um Protestantisme og Katolisisme. Det er inkje mange Aar, sidan han sjølv vart Katolik, men no var han strid paa den Læra. Den katolske Kyrkja var den einaste, som var saliggjørende meinte han, og ho kunde prova Religionen sin ogso, men det kunde inkje dei hine. I det nye Testamente fanst det inkje eit einaste Spraak, som var imot den katolske Læra elder for den protestantiske. Det var berre Bibelen, som det kom an paa, og han hadde me fenget fraa Paven. Protestantarne viste, at dei inkje trudde paa Bibelen, for der stod det, at ein inkje skulde eta det som var strøypt, men det gjorde dei tvertimot. Chr. Bruun kunde han inkje halda med i det som han hadde sagt, at det norske Høgre stod meir paa katolsk Grunn og Vinstre meir paa protestantisk. Her hadde nok Brunn vilskat og gløymt aa spyrja den heilage Fader Leo XIII som hadde voret so fri og havt andre Meiningar.

Luther hadde inkje gjort den katolske Kyrkja so mykje Skade, som Folk trudde. Kor hadde det vortet av Kyrkja hans? Ho hadde minka fraa 20 Mill. med til 11; men den katolske Kyrkja hadde 250 Mill. Menneskje med seg.


Missjonær  Børresen (Santalistan) skal vera tenkt paa aa koma til Norden no til Sumaren.


Skirennet ved Huseby, er det tenkt, skal haldast Maandagen den 2dre Februar.


Skipsfersla vaar gjekk kleint ifjor, ho gav av seg innmot 20 Mill. mindre enn det fyrre Aaret. I Utførsla av Trælast ser ein inkje so stor ein Mink mot Fjorsaaret, som ein skulde tru; paa 40 _50 Millioanr gjer inkje ein Mun paa 3 _4 Mill. Kr. so overs mykje. Og so hev dei utskipat so overlag med Is dette Aaret og tent paa honom. Det hev gjenget meir enn dubbelt so mykje Is iaar enn ifjor, og dei hev teket inn 4 Mill. Kr. Men so vart Fiskjet mindre enn det, som dei fær jamnast.


I Skien var det eit Folkemøte den 2dre Januar. Det var fritt for baade Høgre og Vinstre aa koma, men berre 600 Vinstremenn kom. Ullmann innleidde um Parlamentarismen, Kapt. Jacobsen og Oddm. Vik tala.


Sylv. I Lerfjorden paa Stavvangerkanten hev dei funnet gode Sylvgruvur. Dei hev sendt Malmen til Tyskland og fenget bod paa 50 _ 150 Kr. paalag for Ton.


I Os, nokot sunnanfor Bergen, heldt dei eit Jarnvegsmøte Joletidi og vart einige um aa verka for aa faa ein Jarnveg fraa Os til Nestun (umlag 26 Kilom.).


Ulv. Paa øystre Toten hev dei drepet ein Ulvunge.


Paa  Lækjarskulen i Paris gjeng det 78 Kvendi; 13 av dei er fraa sjølve Paris.


I Spania hev det voret sterk Jordskjelte. Kyrkjur, Raadhus og andre Byggnadar er øydelagde, mange Menneskjeliv hev gjenget med og mange er skadslegne. Mange Menneskje er husville og lyt liggja paa berre Marki. Endaa høyrest der Dyn i Jordi og dei ventar paa, at jordskjelten skal taka til att.


Gamle  Pengar. Ei Kjering paa Gotland saag ein Dag nokre Sylvmyntar paa ein Greftekant. Ho grov daa meire og fann no inkje mindre enn paalag 1300 Myntar, som er so gamle, at dei trur dei skal vera fraa Valdemar Atterdags Tid. Styringi vil løysa inn Pengarne.


Ogso  eit Minne. I 1679 reiste Kongen av Danmark til Hamborg for aa taka den Byen; men Danskarne laut reise heimat utan aa faa det, som dei vilde. Daa slog Hamborg-mennerne ein Mynt og paa den stod: Kognen av Danmark hev voret ved Murarne aat Hamborg; det han hev gjort, kann ein lesa paa andre Sida. Men paa den andre Sida stod inkje nokot.


I Guvernementet Archangel , Rusland, fraus alt Kornet og alle Poteterne burt no i Haust, difor er det no stor Matløysa der. Dei trur, at Folket kjem til aa lota flytja ut til andre Landslutar.


I Japan hev det voret ein felande sterk Storm. Ein Stad vart 500 Hus nedrevne og 1800 Menneskje ihelslegne.


I Basel (Tyskland) vart det haldet Lag av nokre Militære no nyleg. Kvende var og med og dei dreiv mykje med Dans og Morro. Men med eit heldt Musikken upp og alle strøymde saman um ei ung Jente, som var dotti i Uvit. Lækjar var tilstades; men han var inkje Kar for aa gjera nokor Hjelp; Jenta døydde, og det synte seg sidan, at ho hadde fenget Lungeslag. Grunnen til, at ho fekk so braa ein Avgang var den, at ho hadde brukt altfor snaudt Snørliv, sagde Doktoren.


Den eldste Avisa. Folk kjenner til, at Kinesararne kjende til Krutet lenge fyrr det var kjendt i Evropa, men at dei gav ut Avisur lengje fyrr nokon i Jordbolken vaar kom til aa tenkja paa det, er det trulegt færre av oss som kjenner til. Det skal vera so, at i Peking kom det ut eit Blad so paa det lause alt i 911; i 1351 fekk Bladet større Stødleik og hev etter den Tid komet ut jamnt.


Ei fæl Ulukkehende i Wales no um Maandagen. 8 Mann heldt paa med Arbeidet sit ned i eit Skjifferbrot, som var 200 Meter djupt, daa det losnad eit stort Bergstykkje mitt upp i Bergveggen. 7 av Mennerne vart ihelslegne med ein Gong og den 8de vart og ille medfaren.