Takk "Fedraheim"!

 
Hav Takk, hav Takk, du gode Fedraheim,
fordi du er den fyrste iblant deim,
som strævar trugsamt for det nasjonale
i Landsens Styr og Stell i Skrift og Tale!

Eg lengje gjekk og tvila mykje paa,
um dette Stræv i Grunnen kunne gaa,
so norsk-norsk, som den vesle Flokk det ville,
og som eg ogso meinte, at det sille ¹) _.

Men daa um lidt eg Fedraheimenfann,
meg andre Tankar straks i Hovud rann.
Daa fekk eg sjaa, at det eg ikkje tenkte,
var mogelegt _ alt stod i Vokstr og blenkte.

Daa ogso meg du til ein Strever fekk,
som under Fedraheimens Fane gjekk.
Fordi du drog meg paa den rette Veg,
og Takk og Helsing sender no til deg.
 
Knut G.


¹) = skulde.