Nasjonal Bakstræv!

 
Det viste eg fyrr, at Folk vilde kalla so radikal-nasjonale Tankar som mine for Bakstræv.

Eg vilde daa heller kalla dei for Framstræv, med di at det fyrst er i Framtidi, at slike Krav som mine verkeleg vert framsette og fullførde. Endaa, meiner inkje eg helder, at det er Høve for eit heilt nasjonalt Program, me maa endaa dansa paa nasjonale Treføter eit godt Tak, likesom ogso Lagje sjølv hev synt, at han gjer det, for ellest vilde han aldri hava skrevet um noko so unorskt og uheimlegt som dette nasjonale; han vilde daa aldri hava teket eit slikt Ord paa si Tunge. Men det er med dette som so mangt annat her i Landet, me hev inkje korkje Tanke elder Namn for slike Ting, og so maa me laana baade det eine og det andre til so lenge. Sjølve det nasjonale er unasjonalt endaa i Noreg, me maa laana snart ifraa Latinen (natio) elder fraa Tysken (Volk). Slikt er det eg her kallar for Treføter.

Det er likesom ein Leist, som Landsens Bunad vert sveipt umkring, for at det skal verta ei fast Gjerd paa det, likesom Skomakaren gjer det med Skoen. Det er fyrst, naar Skoen er ferdug, at Leisten kann dragast ut, og rette Foten stingast nedi; og det tek til aa lida mot den Tidi for oss ogso no. Men so vil det ogso sidan trengjast ei Tid til aa trøda Skoen til etter Foten, fordi at ingen Leist kann vera fultut høveleg lagad.

Eit annat Bilæte:

I 1814 vart Egget lagt. Paa dette vart det vermat i 50 Aar; i 1880 vart det fyrste Holet pikkat paa, daa var det sovidt det saagst, at Ungen var der, og ifjor kraup den nasjonale Kjuklingen fram, men endaa er det inkje ventande, at han kann hava fenget Umagelekken av seg, han treng henne Hønemor endaa eit godt Tak, fyrr han kann verta heil Hane med luvande Fjørham, med den raude Kammen likesom eit reint Flagg i Toppen, med kongelegt Mæle og ellest med alle dei Ting, som høyrer ein rett Hane til.

Eit fult nasjonalt Liv i alle Maatar, det er nokot, som inkje er skapa med det same det er sagt. Allvist for eit Folk, som er so litet og faafengt og heimalet som vaart vilde det vera eit Under, um det kunde hava vakset fram berre av dei heimlege Røter, so at det likesom Stevi skulde hava gjort seg sjøl, og koma rennande paa ei Fjøl.

Daa maatte den nasjonale Kjensla hava byrjat reint i det smaae, i Heimanne og etet seg ut, so det vart større og større Ringar og so at det fyrst hadde vortet Slutningi paa heile Leiken, at me hadde naatt so langt utetter, at me hadde fenget ei sjølvstendig Landsstyring.

Paa same Maaten hadde Maalstrævet daa maatt hava byrjat med aa hevda Norsken berre i Barneskrifter og um reint heimlege Høve i Bygderne, og aldri vaagat seg fram til Rikslivet og dei store Tankar, som sveiv ute i Evropa, fyrr langt um lenge.

Men det er mest ingen Ting i Noreg, som hev gjenget den Vegen. Det hev fyrst ovrat seg i Hausen paa nokre faae som aalmenne Tankar og Synsmaatar, og so hev det litet um Senn etet seg innetter og sokket ned i Folket.

Me hev inkje berre reist til Utlandet og kaupt Frø, som me kunde saa heime, og so venta, til ein Kultur kunde veksa fram or det. Men me hev voret so braahuga og radikale, at me hev teket heile Ungteinar med Røter og all Ting og plantat her heime, soleids som med Fridomstreet i Revolusjonen 1814. Men daa var det hellest inkje Raad for annat, me hadde so liti Tid aa gjera paa, at me laut taka det som me kunde.

Det er likevæl vaagsamt Spil aa fara paa denne Maaten. For det kunde henda, at Treet folnad, og daa stod me paa berr Bakke med ein Gong. Og det hev verkeleg set soleids ut med dette Fridomstreet vaart mangein Gong, som um det heldt paa og turkad. Det var fyrst ifjor, at me saag ein verkeleg Nyrenning, men det er fyrst, naar den Renningen ogso vert so vaksen, at han kann yngje seg upp med nye Ungteinar, at Fridomen kann verta fult nasjonal og at me kann faa slutta med aa bruka Treføter. Ein kann inkje venta nokot fyrr i 3dje Ættleden. Det er fyrst, naar her vert aalmenn Røysterett, fri Gudsdyrking, og like Rett til Pensjonar for alle (fordelt paa ein rettferdug Maate, soleids at Embættsmannen, og den som hev livt godt, fær minst, og Arbeidaren og den, som hev havt det tungt, fær mest) _ daa fyrst vert her det fullrette Grunnlag for ein verkeleg nasjonal Politikk.

Til meir radikal Politikken vaar vert altso, des fyrr vert han nasjonal, og kann byrja ganga stavlaust.

Og til meir me kann fylla upp Bokheimen vaar med utanlandske Tankar, des fyrr vert han nasjonal. For me er likesom Kyrne, som vert utslepte um Vaaren, me maa fyrst fara yver heile Beitet, fyrr me fær Fred paa oss. For det sit ei Forvitne og ei Bisnefysne og ein Spyrjesjuke i oss, som inkje er underlegmillom smaae Folk, og den vert me inkje kvitt, fyrr me naar so langt, at kvar upplyst Bonde aa kalla, fylgjer med i den nyaste franske elder engelske Bokheimen, so slepp dei aa bruka desse Treføterne elder Stavarne, kvat ein no vil kalla det, som Diktararne vaare no er; daa vil desse faa annat aa gjera.

Daa fyrst vil her for Aalvor verta Tale um ein nasjonal Bokheim, runnen ut or Folket.

Daa fyrst vil me verta kvitt all denne Tale um den nasjonale Armodsdomen vaar, og all denne Tvilingi og Trivlingi og Fljuging og Fanting hit og dit. Me vil læra, at her verkeleg finst store nasjonale Krafter, og Suveræniteten vaar vil verta meir enn eit Namn elder ein turr Stav i Haandi.

For det er sanneleg slikt nasjonalt To i oss, at me druknad inkje, um Vatnet gjekk tie Mil yver Hovudet paa oss. _ Naar inkje Engelskmannen og Franskmannen med all si kosmopolitiske Daning hev druknat for lenge sidan, so gjer sanneleg inkje me det.

Engelskmannen og Franskmannen er sanneleg dei tvo einaste Folk, eg tykkjer, hev Nasjonalitet, som duger; den er so sterk, at den merkjer ut all Ting, dei hev for seg, anten det so er Filosofi, Politikk, elder berre eit uvandt Klædeplagg.

Med Tidi skal du skal sjaa, at me ogso skal reisa ein fager norsk Kultur med Kraft og Glans som Jotunheimens Tindar.

Men det er langt fram dit.

I det fyrste Stykkjet mitt beit eg nokot kvast i, det er sant. Men alle, som hev leset det væl, vil likevæl sjaa, at eg inkje fordømer vaar Utvikling elder lastar vaare store Menn. Eg vyrder alt dette høgt. Eg vilde berre hevda, at me inkje maatte bruka Ordet nasjonalt paa ein lettferdug Maate og tru, at me aa kalla hadde alt vunnet fram.

I Ordet nasjonal ligg det tvo Meiningar: Det nasjonale er for det fyrste det, som skil det eine Folket (hell Nasjonen) fraa det andre. Etter den Tydingi er det jamnast brukat no i det siste. Men det er berre halve Tydingi. Det nasjonale er nemleg for det andre det, som vedkjem det heile Folket, motsett berre ein Del av det, det er dette fullt demokratiske Moment eg saknar i all Talen um det nasjonale, og som eg einast liter paa, at Framtidi vil eigna aat seg. Det var med eit framtidugt Fyremaal for Auga, at eg skreiv som eg gjorde.

For eg vil, at alle Maalmenn imindsto skulde sjaa klaart, kor mykje her endaa er aa gjera. Ingen skal tru det lenger, at alt lagar seg av seg sjølv, og kjem fljotande til oss paa ei Fjøl.


Han Lagje.