+ Peter Christen Asbjørnsen.


So er dei daane baae dei namngjetne Æventyrforteljaranne, som var Fyregangsmenn for eit nytt norskt Aandsliv, som sette ein ny Sving paa heile Bokheimen vaar og let ogso Utlendingen skyna, at her var eit Folk.

Det vart inkje lenge millom dei, Jørgen Moe fall burt i 1882 og Asbjørnsen no iaar.

Asbjørnsen var fødd i Kristiania den 15de Januar 1812. Far hans var Glasmeistar, Ætti var rimelegvis komi fraa Lesja i Gudbrandsdalen for det fyrste. Mor hans var Dotter av ein Lensmann paa Sunnmøre. _ Guten vart sett paa Latinskulen, men han likad inkje det noko større, vilde helder fljuga kringum i Skogarne. Og so laut han ogso hjelpa Far sin paa Verkstaden; og med alt dette vart han inkje Student fyrr i 1833. Daa det var smaatt med Foreldri hans, laut han syrgja for seg sjølv og tok til aa vera Huslærar paa Romerike, der han var alt til 1837, daa fyrst reiste han inn og tok Andreeksamen og tok til med Doktorlæra. Men det vart ingi større Eksamenslesning med honom; han lagde seg etter serlege Vitenskapar, allvist Dyrlæra, og tok til aa gjeva ut Bøker.

Alt fyrr han vart Student, hadde han faret med aa skriva upp Segner og Sogur, som han trefte til aa høyra. For A. Fayes Norske Folkesagn var nettup utkomne, og gjorde, at Folk saag paa Æventyr og Segner med andre Augo enn fyrr, daa ingen vyrdde slikt nokot.

Saman med Ungdomsvenen sin Jørgen Moe tok han til aa arbeida for Aalvor med dette og i 1842 kunde dei gjeva ut Norske Folkeeventyr. Den Boki vart væl fagnad med det same, og den Lukka fekk ogso det næste Hovudverket hans Norske Huldre-eventyr og Folkesagn 1845 og 48, der han inkje berre er Atterforteljar, men ogso sjølvstendug Forfattar. Forutan desse tvo og Norske Folkeeventyr, ny Samling 1871, som er dei Hovudverk, som vil gøyma hans Namn til seine Tider, so hev han og umsett og skrevet fraa nyo ei heil Mengd med Bøker (paalag 40), som umhandlar alle mogelege Emne, Æventyr og Forteljingar, Skogbruk og Torvdrift og Matstell. Naturlæra er det som han hev drevet mest med næst etter Æventyri, namnkjend paa den Vegjen vart han iser, daa han fann den fæle store Sjøstjerna, som han kallad Brisinga, og som han sjølv hev skrivet um.

Allstad der Asbjørnsen skriv, ser ein den same friske og naturlege Stilen, der han er ein Meistar, som faae hev kunnat jamna seg med.

Asbjørnsen hev faret mykje og reist i si Tid, snart heime og snart i Utlandet. I 1849 var han med Korvetten Ørnen ned til Ægypten. Imillom 1846 og 53 hadde han 5 Gong Hjelp av Universitetet til aa reisa og granska etter Sjødyr paa Hardangerkanten. Fraa 1856 _57 hadde han Statshjelp til aa halda seg i Tyskland og granska Skogstell. Daa han kom heimatt derifraa, vart han Forstmeistar i Trøndelagen, og var der i 16 Aar. I 1864 gjorde han ei Reis utanlands att for aa leggja seg etter Torvdrift.

Han fekk Avskil i 1876, og hev sidan livt i Ro i Kristiania, og syslad no paa det siste
mest med Æventyrgransking atter.