Rispur.
Ein Mann i Ungarn
sende Son sin til ein Høgskule. Um eit Bil fekk han paa ein Dag 3
Telegramm fraa honom, og i dei fridde Sonen til Far sin. Siden fekk
han 5 til. Mannen trudde Sonen var galen og reiste inn til han.
Daa høyrde han, at
Sonen hadde set ei ven Gjente paa Gata og skreiv til henne, men ho
sende Brevi hans attende, men daa han fekk vita, at ho var
Telegrafistinne, skreiv han Kjærleiksbrev og let henne telegrafera
dei til Far hans, for daa viste han, at ho
maatte
lesa dei. Faren var, som rimeleg kann vera, mindre blid for Framferdi
aat Guten.
Kjeringi: Eg er so
nøgd,
fordi at De skal preika idag.
Presten: Tykkjer du
daa, at eg preikar so godt.
Kjeringi: Nei men det
er stødt so godt Rom i Kyrkja, naar De preikar.
Ragnar.
Publisert