Fraa Sundalen.
No kann eg melda, at
me hev faatt i Stand eit Samtalelag her uppi øvste Enden av Romsfog
Sokn i Sundalen.
Øvrebygdens
Samtalelag skal etter Reglarne halda Møte den fyrste Laurdagsefta
i kvar Maanad, sonær som i Juli, August og September, og ellest naar
Styret finn det høvelegt aa samlast t.d. fyre offentlege Val.
Av Fyremaali skal eg
nemna, at Samtalelaget etter Evne vil stydja Maalsakji. Ellest er
Reglarne vaare vonleg samstavande med dei, som Vinstreforeiningarne
plaga vedtaka. Kvinna hev same Rett som Mannen til aa skriva seg som
Medlem, men kann, um ho ynskjer, vera fri for aa betala Aarspengar.
_
Eg veit inkje um det enno er vortet vanlegt aa hava Kvinna med i
sovorne Samlag; der vart lite Staak au um dette Vedtakjet. Sume
meinte, at det var uhøvelegt fyre Kvinna aa leggja seg burti dei
meire aalmennelege Samfundsspursmaal, og at ho hadde nok med aa
stella Huset sitt. Andre trudde, at Kvinna hadde godt av aa takast
med, at ho slettes inkje vart kleinar Husmor, um ho eignad til seg
nokot meire Samhug fyre Spursmaal, som vedkjem oss som Medlemar av
Stat og Herad o.s.b.
Samtalelaget hev den
Tid som er 48 Medlemar, derav 8 Kvinnor. Til Styre valdest Lærar og
Gardbr. J. G. Forseth
_
Formann
_,
Gardbr. E. Nesja
_
Næstformann
_,
derattaat Gardbr. Olav Musgjerd og O. L. Gravem.
Seinare med tør eg
kannhenda sende smaae Meldingar fraa Samtalelaget og ellest um eit og
annat, som gjeng fyre seg her ikring.
J. G.
Publisert