Tri Forteljingar av Prosper Merimée. [Forteljing til Utklypp]

 
(Del 7 av 8. Fyrste delen.
 
 
-28-
 
Dagen etter, daa Gabriella kom fram, var det paa Offisersbenken slik Yling og Piping, at det kunde kluva Øyro. Roger, som med Vilje hadde sett seg tett attmed Staakararne, reiste seg og gav seg til aa neisa dei meist staaksame av dei, med slike Hædingsord, at all Ilska deira straks snudde seg aat han. Tunglynd tok han Blyanten sin upp av Lumma og skreiv upp dei Namni som dei skreik aat han paa alle Kantar. Han hadde sett Stemne for aa slaast med heile Regimentet, um ikkje ein heil Del Sjøoffiserar hadde kome til og hadde utmana Mesteparten av Motstandararne hans. Det var slikt eit illhervelegt Staak.

Heile Garnisonen laut halda seg inne i fleire Dagar; men daa me vart fri att, so var det ei fæl Reikning aa uppgjera. Me var umlag 60 paa Plassen. Roger slogst aaleine etter Rad med tri Offiserar; han drap ein og saara dei tvo andre faarlegt utan aa faa so mykje som ei Rift. Eg for min Part var ikkje so heppen. Ein forbanna Løytnant, som hadde vore Fiktemeistar, gav meg eit stort Sabelhogg i Brjostet, so eg var nær ved aa døy. De kann tru det var Leven, denne Tvikampen elder snarare dette Slaget. Sjøgutarne fekk Yvertaket, og Regimentet laut fara fraa Brest.

De kann vel tenkja dykk, at dei høgre Offiserarne ikkje gløymde, kven som hadde vore Skuld i Slaget. Han hadde i 14 Dagar ein Vaktmann utanfyre Døri si.

Daa han vart fri, kom aa eg ut av Hospitalet, og eg gjekk for aa sjaa til han. Kor fjetra vart eg ikkje, daa eg kom inn og saag han sitja og eta Morgonmaal Andlet til Andlet med Gabriella! Det saag ut, som dei lenge hadde vore gode Kjenningar. Dei sagde alt dutil kvarandre og drakk av det same Glaset. Roger fyristelte meg for Kjærasten sin som sin beste Ven, og sagde, at eg hadde vorte saara i det Basketaket, som ho fraa Fyrtningi var Skuld i. Dette tyktest eg var likso mykje verdt som ein Kyss av denne væne Drosi. Ho hadde eit stridsamt Sinn.

Dei livde i tri Maanar saman, var utruleg lukkelege og kom ikkje fraa kvarandre. Gabriella elska han som ho var reint gali og


-25-
 
eg tok ikkje i Mist. Kapteinen begynte utan aa lata seg beda. Offiserarne kringum oss, som alle som ein kunde utanaat Uheppurne hans Løytnant Roger, var so kloke, dei straks drog seg undan, og so fortalde Kapteinen umlag soleis:

Roger var, daa eg kjende han, tri Aar eldre enn eg; han var Løytnant, eg var Merkjesmann. Eg kann forsikra dykk paa, at han var ein av dei beste Offiserarne i vaart Korps. Ellest var han godhjarta, aandfull, upplyst og gaaverik _ med eit Ord ein elskverdig ung Mann.

Han var uheppeleg litet Gran kaut og hastmodig av seg, og det trur eg kom seg avdi at han var Lausingbarn, og han var rædd for at Fødsli hans skulde staa i Vegen for hans Framgang og Gjævleik i Verdi; men, for aa segja som sannt er, det største Lytet ved han var, at han alltid var so uppsett paa aa vilja vera Hauken i Laget, kor han viste seg.

Far hans, som han aldri hadde set, gav honom ei Pengehjelp, som vore oversleg nokk, um inkje Roger hadde vore Gaavmildskapen sjølv. Alt det, han aatte, tilhøyrde Venerne hans.

Naar han hadde fenget Fjordungsaarspengarne sine, gav han dei burt aat den fyrste den beste, som vitja han med eit syrgjelegt og sytande Uppsyn. No, Kamrat, kvat er Tidi? spurde han; du ser ut som du ikkje kann faa det til aa singla stort, um du slær paa Lumma; her er Pungen min, tak det, du treng og kom med og et til Middag hjaa meg.

Det kom til Brest ei væn ung Skodespilarinne, heitte Gabriella, som snart vekkte Uppstyr millom Sjøfolki og Garnisonsoffiserarne. Det var ei Dros, ein ikkje saa Maken til kvar Dag det; ho hadde fin Skapnad, vakre Augo, smaae Føter og var helder djerv; alt slikt vert lika, naar ein berre er i 20 _25 Aari. Desutan sagde dei au, ho var den mest lunefengne Skapning paa Guds Jord _ av Kvendfolki. Aa slik som ho spila; det var ikkje for inkje det gjekk so stort Ord av henne. Snart spila ho tillokkande, ein kunde segja ho var ei Skodespilarinna av fyrste Rang; Dagen etter kunde ho i same Stykkje vera kald og tykkjelaus; ho sagde fram Rolla si som


-26-
 
Smaaborni, naar dei les Katekisma. Det, som iser hugtok Ungfolket, var denne Soga, dei fortalde um henne, at ho hadde vorte uppali overlag flust i Paris av ein Senator, som var rasande hugteken i henne, sagde dei. Ein Dag, han var hjaa henne, denne Mannen, sette han Hatten paa Hovue; ho bad honom taka han av seg og klaga seg, fordi han hadde so litet Folkeskikk. Senatoren sette i ein Laatt, drog paa Akslerne og sagde, med di han briska seg, der han sat i Armstolen: Det er daa det minste, veit eg, at eg fær gjera som eg vil hjaa ei Gjenta, som eg kostar. Ein god Øyrefik, som vart ekspedera av den kvite Handi hennar Gabriella, var Betalingi for Svaret hans; ho slengde Hatten burt i den andre Enden av Romet. No heretter var det forbi. Pengemenner, Generalar hadde bode henne store Pengar, men ho hadde sagt Nei aat alle, sistpaa vart ho Skodespilarinne for aa liva friraadigt, sagde ho.

Daa Roger saag henne og høyrde Soga, meinte han, at ho var hans Høne og med den litet Gran hastige Framhug, som dei lastar hjaa oss Sjøfolk, tok han iveg. Sjaa berre korleis han bar seg aat for aa visa henne kor hugstolen han var av hennar Venleike. Han kaupte dei vakraste Blomar, dei raraste, som var aa finna i Brest, gjorde ein Blomsterdusk, som han batt til med eit gildt roseraudt Band, og i Sløyfa sette han overlag hendigt ein Bunke med 25 Napoleonar ¹); det var alt han aatte i Farten. Eg hugsar, at eg fylgde med han bak Kulissarne i ei Millomakt, gjorde mykje Krus for henne fordi ho var so gildt budd, flidde henne Blomsterbusken og bad um han maatte faa Lov til aa lydast til henne heime.

Alt dette var sagt i tri Ord.

Solenge Gabriella berre saag Blomarne og den væne unge Mann, som kom med dei, smila ho og helsa attaat so yndefull; men daa ho fekk Blomsterbusken i Henderne og kjende at Guldet tyngde, skifta ho Lit i Aasynet snøggare enn Sjøen vert ukjørr,


-27-

naar Hardveret kjem der neda i Sudlandi, og sagte var ho vond au, for ho slengde Blomsterdusken og Napoleonarne i Hovue paa den stakkars Ven min, som hadde Merkje etter det i Uppsyne meir enn aatte Dagar. Klokka aat Regissøren ringde, Gabriella gjekk inn paa Scenen og spila reint ovugt.

Roger tok Blomsterdusken og Pengarne upp att og var reint i Ulag; han freista aa gløyma den hjartelause og drakk Puns. Men det hjelpte ikkje. For alt Uhyggje han kjende, daa han ikkje kunde gaa ut med eit blaaklædd Augo, vart han lell rasande hugtekjen i Sinnet hennar Gabriella. Han skreiv tjuge Brev om Dagen. Aa for Brev, ynkelege, kjælne og mjuke, slike som ein kunde senda til ei Kongedotter. Dei fyrste fekk han att utan at dei var opna; dei andre kom det ikkje Svar paa. Men Roger hadde daa Von likevel til dess me sistpaa kom etter, at Apelsinkona ved Teatret bruka Kjærleiksbrevi hans Roger til aa pakka inn Apelsinerne sine i; det var Gabriella som hadde vore so illskefull aa gjeva henne dei.
Dette var ein altfor hard Støyt for Venen min. Men det var ikkje slut paa Fysna med di. Han orda paa, at han vilde hava henne til ægte; og daa dei sagde, at Marineministeren aldri vilde gjeva Løyve til detta, ropte han, at han vilde skjota seg ei Kula i Skallen.

No bar det til, at Offiserarne i eit Linjeregiemnt, som laag i Brest, vilde hava Gabriella til aa taka uppatt ein Song i eit Songspil, men ho sagde Nei paa Trass. Baate Offiserarne og Skodespilarinna var so stride, at deifekk Teppet ned med Pipingi si og hodaana. De veit, kvat Parterre er for noko i ein Smaastad. Offiserarne vart samde um, at den skuldige uskonleg skulde nedpipast Dagen etter og dei andre Dagarne, at ho ikkje skulde faa Lov til aa spila ei einaste Rolle fyrr ho hadde gjort Bot skikkeleg og ydmykeleg for aa sona si Skyld. Roger hadde ikkje vore med i denne Tilstellingi; men han fekk same Kvelden vita den Skandale, som hadde sett heile Teateret i Uppstyr og den Hemnen, som dei skulde fullføra neste Dagen. Straks viste han, kvat han skulde gjera.
 
 
¹) Ein Napoleonar paa Lag 14 Krunor.


( Meir.)