Tidender.

 
Kristiania, den 23de Desember.

Formannsvali. Vinstre hev vunnet ved Formannsvali i Larvik, i Stavanger, Sandefjord og Molde. Høgre hev vunnet i Skien, i Fredriksstad, i Kraakerøy, i Halden og i Namsos.


Stipendium i Filosofi. Daa Wikner vart utnemnd til Professor ynskte Regjeringi, at der skulde gjevast Stipendium til Arne Løchen, so han kunde faa Tilhøve til aa leggja seg etter Filosofien. Saki hev no voret for seg havt i det filosofiske Fakultet, men berre ein af Professorarne _ dei segjer mest Sars _ var for det. Dei andre vilde der skulde vera Tevling um, kven som skulde faa Stipendiet.


Ny Bok paa Norsk. Klas Omnstav er nettupp utkomet. Sjaa Lysingar. Det ser ut til aa vera ei gild Bok og fælt lagleg aat Borni. Meir sidan.


I London hev Dynamitmennerne gjort Freistnad paa aa sprengja ei stor Bru i Lufti. Dei fekk det inkje til den Gongi. Der er utlovt 90,000 Krunor til den, som kann faa Tak i Kararne, som hev gjort det. Dei trur det er gjort ifraa ein Baat paa Themsen.