Jole-Systerne.


Langt, langt burtanfyre der som Soli renn upp, i Solheimen sat Jole-Systerne for mange hundre Aar sida, ilag med Vaarherre og St. Per paa eit svimrande høgt Berg, som naadde tusund Alner uppyver dei høgste Fjelli; Soli,Maanen og Stjernurne stod ikring lik ein Krans. Der var stort Lag, for no skulde Systerne skiljast og sendast ut til alle Land. Daa Gjildet var slutt, tok Vaarherre deim med seg uppaa høgste Nuten og skulde syne deim utyver Verdi, kvar dei skulde reise; men det var belande myrkt utyver den vide Heimen; so kallad han til seg Soli og ho spreidde ut eit Ljoshav, dansad i dei lette, raudgyldte Skyerne, let Straalarne leike med Havet og brjota seg i tusund Ljosbrot, so Havet blenkte og brann som ein stor Loge; og Geislarne bivrad og brann, og dissad i Lufti mange tusund Mil og kveikte upp alt krjupande paa heile Heimen. So synte Vaarherre deim alle Land, som til aa gnike seg i Augom for aa faa Sømnen av seg _ men langt ute ved det ytste Havet skimta dei einkvar røre paa seg, so kallad han fram Maanen og Millionar Stjernor, daa saag dei klaart Ungguten Norig sitja sømnrusken og gnike av seg Sømnen.

Kven vil ta paa seg og fara so langt? spurde Vaarherre. Alle so tagde dei seg; men sist paa so kom ei fram, den fagraste i heile Flokken, ho var næst eldst og hadde lange, fagre Flettur, var ljos-dæmd og mild, velvaksi, stor og gjild i all Skapnaden sin.

Eg vil _ sa ho.

Vaarherre saag blidt paa henne. Vond er Vegjen, sa han; men her gjev eg deg ein Piggstav, og naar du er i Faare elder rester nokot so berre ynsk ved honom, og det skal verta, som du vil.
Langt inne i ein Hellar sat Gamle-Eirik grein og grov seg, fordi Joli vilde fara til Norig; alle Smaadjevlarne kraup seg rædde i Kraa kringum, fyr Gamlen var gretten og slo i Boret:

No gjeng det tilbake; det attrast med oss no, sa han, difor lyt de vera um dykk paa alle Kantar, eg er jamt skral og i Ulag. Reis no langt uppi Landi og samla ihop alle Bjørnar, Graabeinar, Gaupur, Jolebukkar og Jolegeiter som til er og lat deim halda go Vakt paa kvart Nes yst ved Havet, fyr der skal ho koma.

Dei avgarde.

So var det ei Natt nokot blenkte ute i yste Havtrøma, det kom nærre og nærre, og det viste seg, at det var eit stort Skip med mange tusund Ljos i alle Mastrer. Fager Song og Spel ljomad utyver heile Havet, det høyrdest liksom Tonarne skulde ruggast upp or Baarorne, soleids lydde dei, stundum tungt med Baarebrot og Brak, stundum trillande, leikande lett lik Berling-Rulling mot Strandi.

So tok alle Ulvar til aa yla, Gaupur til aa mjaua, Bjørner til aa bura og Jolebukken kveste Horni sine paa Steinarne, var sinnad, so han graanad i Skjegget, vreid paa Nosi og saag ut mot Havet.

Skipet la til, men rett med det same var det ei blenkjande Sky, som spreidde seg og vart uppi inkje av seg sjølv. Joli steig iland; og alle Dyri stemnde paa henne byljande og burande, og det saag myrkt ut; men so hugsad ho Staven sin:

Ver Tenaranne mine og gjev meg fjelge Klæde! sa ho til Dyri!

Straks reiv Bjørnen av seg Pelsen til Kaape, Reven kom med Halen til Halsplagg, Graabeinen kom med Skinnet sitt til Hue, og ho sveipte seg inn i det.

Kom so med Slede og spenn dykk sjølve fyre!

Straks var alt soleids som ho vilde _ og det bar yver Berg og Dal i villaste Flog, ei slik Kjøyring skal du aldri ha set Maken til, alle Dyri remjad kvar i sit Maal, tryste og grein, for dei gjekk ikkje godviljugt maavite; men avstad laut dei likevæl.

So spurde ho Graabeinen ein Dag, um dei hadde langt atte, fyrr dei naadde fram.

U-u-ul! sa han og alle Dyri, so Jordi riste seg. Det skulde vera: Nei. So jagad ho paa deim og dei flaug fortare enn Fuglar. _ So naadde ho tilslutt fram. Norig var klædd i drivande Kvitt fraa Taa til Top, so som de enno ser det den Dag idag, og der vart mykje til Gleda. Men gjildaste av alt var det, naar ho tok til aa løysa paa Skreppa! _ Aa _ aa! Alt ho hadde med seg. Eg torer ikkje segja meir, de lyt berre høyre etter, naar ho ropar paa dykk iaar, kva ho vil gjeva veit eg ikkje.

A. H.