Ein Bondestudent = Student skreiv her:
Ein Bystudent No. 2
skulde eg ha svart noko, um eg inkje sjølv hadde haurt med eigne
Øyro, at han gjekk ved aa ha teket imist, so han er komet til aa
svara paa det, som ikkje eingong er Sagens Natur i Stykkje mit.
Korleis Ein
Bondestudent kann skriva detta, det
forstendeg ikkje.
Eg
hev aldri gjengje ved detta
, og naar
Ein Bondestudent kann leggja det i mine Ord, daa er det nokk
han, som hev tekje imist.
Korleis han ellest kann
forsvara aa bruka Ord av ei privat Samrøda i eit offentlegt Blad
(ikkje aa tala um, at han brukar dei galet), det fær no vera hans
Sak.
So segjer han:
Eg vil gjerna Semjing
og Samarbeide ... men veit me treng inkje um Bykaren.
Og so:
De (Bystudentarne) skal
ha Takk, gak or Vegjen og heft ikkje.
Det fyrste er overlegent
men greidt sagt; men det siste minner altfor mykje um det fyrste
Stykkje hans.
Eg skal faa Lov til aa
svara paa det likevel.
Me Bystudentar
veit,
at Mor Norig ikkje
treng umoss,
for at Maalsaki kann sigra; mange av oss iminsto veit det.
Me
veit
og, at Mor Norig ikkje
treng umBondestudentarne hell for at Maalsaki
kann sigra.
Men aa segja: Gakk
or Vegjen, heft ikkje,
detvilde
ingen sann Fedralandsven gjera.
Og eg kann ikkje tru, Ein
Bondestudent meiner det heller; eg vil tru, han hev gjort det i
Harme. Eg hev sagt det eg meiner og Striden skal ikkje verta lenger
for mi Skuld daa. Me Bystudentar trur, me hev same Retten til aa
elska det norske Maalet som Bondestudenten, at me hev same Retten til
aa arbeida for det som han; for me er alle Søner av same Mor; og
endeleg trur me, at me hev Rett til aa segja fraa, naar det er noko,
me ikkje finn er Rett.
Ogso ein
Bystudent
.
Publisert