Boksjaa


(Av Gjurd).
 
Jonas Lie: En Malström. Gyldendalske Boghandel.

Jau, det var gjildt aa koma til han Mads paa Fossegaard. Der var Damp uppe seint og tidleg; dei brasad og kokad og steikte all Dagen; Toddyvatnet stod der og smaaputra, naar du kom, og Kortleikar var tilrettelagde paa Spelbordi rundt i dei druste Salarne. Kortspillet kunde gaa for Høitryk hele Natten udover, mens Konjaken i Bollen forstærkedes, og Pointerne sattes til Tolvskilling og Marker.

Han var førvaksen og sterklagd, Mads sjølv, so han nokk ikkje stupad for fyrste Drammen. Men naar det leid nokot utpaa Morgosida, so hende det seg nokk, at Beini var hosta ulaglege til aa bera det øre Hovudet. Og daa var det godt, at der var mykje Tenarskap paa Fossegaard, for Gjesterne hadde ikkje godt for aa bergja seg sjølve tilkøys etter slike Duster. Og det høvde au, at Bamsefar sjølv vart sjuk etterpaa Leiken: ein tvo _tri Dagar; ei heil Vika. Dilla! forsørge mig Dilla! sa daa Majoren paa Moberg.

Han var Far sjølv, han Mads Foss. Han kunde ridomtil vera eit Godmenne, men han viste no jamnast, kvat han vilde. Og daa laut dei bøygja seg, Folk. Det fekk fulla Døtterne hans freista. For dei selde han. Han brugte at likvidere sine Beter med sine smukke Døtre, som Folk sagde. Ja endaa Marianne laut same Vegen som dei hine, _ ho med det varme Blodet og dei raude Kinnblomar, letlivad og lenteleg, so ein var hugkveikt ved aa sjaa ho. For Sveinkallen Bastian Borg _ Hobroen, ... , som lignede en Hauk, der havde hængt for længe paa Spigeren _ hadde for mange Rentepengar staaende i Fossegaard. Og so laut Marianne løysa Taket.

Han var ingen Fagnadmann, Mads. Men likevæl: dei hadde Vyrdnad for han, Folk. Der stod slik ein Age av denne staute Mannen. Der var Race i han, _ og det sama stakk i heile Ætti. For dei hekk saman, trass i alt, der uppe paa Fossegaard. Der var slik To og Tel i dei, alle ihopes.

Nei ikkje i alle. Ikkje i Johnny, eldste Sonen, Lorden, dei kallad. Han gjekk der stram og kvitstrokjen alstøtt med engelsk Klædebunad og blaute Whiskers. Men der var ikkje nokot av det tjukke Fosseblodet hjaa han. Men daa han vart Grosserar der tettmed, so kunde han slaa stort, det kan du lita paa.

Men hu: Det gjekk tufs paa Slutten. Alle dei Drammarne og Konjakflaskurne gnog og holad ut Botnen, og daa so Johnnys store Buslit (Fallit) kom til seinare, so ramlad heile Stasen. Og mange andre med dei. Rundt kringum der spilad dei upp ein etter ein. Og det for Skuld den store Ætti paa Fossegaard og mest daa den fine Lorden.

Det var eit hardt Slag, _ og der kom annan Ljod i Bjølla hjaa Folk i Krinsen au daa, maatru. Men dei kom seg uppatt dei andre av Ætti. For dei hadde tjukkt Blod og sterke Hovud. Berre ikkje han Johnny. Han gjekk der og svinsad, _ endaa som ein stram Storkar, men nokot losliten av og til _ og hadde det annvint med aa gjøre i Agentur _ og drikka Portvin.

Det er ei framifraa Bok, han hev skaffat oss, Jonas Lie, no til Jol. Nokot av det beste, eg hev leset paa lang Tid. Der er ei Klaarheit i Utgreidingi, som er reint makalaus _ og so brennande kvikk daa! Det er so det knitrar og sprakar paa kvar Sida. Og alle dei mange Personar stend der so ljoslivande klaare, at ein nokk vonoms lenger kjem til aa hugsa Huslyden paa Fossegaard.

Ifjor kom Jonas Lie med Familjen paa Gilje. Folk trudde, Meistaren ikkje kunde koma stort høgare. Men En Malstrøm? Jau: ho er betre.


Hjaa Cammermeyerer komet ut:

Norsk Bogfortegnelse for 1883. Udgivet af Universitetsbibliotheket i Henhold til Lov af 20de Juni 1882. Kr. 1.50.

Alfred de Musset: Mariannes Capricer. Oversat af G. A. Dahl. Kr. 2.60.

Charlotte Koren: Hans Skjæbne.