[Tidender.] Sætisdalsbanen.

 
Eit Sendelag hev voret her friaa Sætisdalen og Kristiansand og talat med Statsraad Arctander um Sætisdalsbanen. Det var Borgermester Smith, Ingeniørkaptein Krag og Bygmeistar F. Jensen ifraa Kristiansand, Lensmand Lund ifraa Valle, Gardmennerne Ose og Olav Aaktus fraa Bygland, Olav Lauvland fraa Evje, Olav Tennefoss fraa Hornnes og Iveland, John Gaaseflaa fraa Øvrebø.

Dei held fram det Kravet, som deira Landslut syntest hava paa Staten no, daa dei paa den Kanten hev voret sette attum for so mange andre Stader. Dei trudde der var god Von til, at denne Jarnvegjen vilde løna seg, og han vidle gjera store Ting itl aa hjelpa fram Bygderne der.

Statsraaden sagde, han inkje var i Tvilsmaal um at dei burde faa Jarnveg gjenom Sætisdalen. Regjeringi arbeidar no med aa gjera upp ein Plan fyr Jarnvegsbygnaden vaar i det heile. Han lovad deim, at Sætisdalsbanen inkje skulde bli sett tilsides daa. Men denne Planen kunde snaudt verta ferdug til aa leggjast fram fyr Tinget fyrr i 1886, Der er faa Stader i Europa dei hev so tunge Skatter som me no hev i vaart Land, og det kjem mykje av, at Jarnvegsbygnaden eit Tak vart teken med slik Spreng. Likevæl vonad han, at Tinget vilde taka uppatter Jarnvegsbygnaden, men mykje meir forsigtigt enn fyrr. Han trudde, at Sætisdalsbanen no stod nærare til aa takast upp enn nokotsinn fyrr; men han kunde inkje enno segja nokot vist um, kva fyr Jarnvegjer som vart ætlade til aa takast paa med fyrst.