[Tidender.] Arbeiderakademi


i Kristiania. Arbeidarsamfundi her i Byen, Fagforeningernes Centralkomite, Den norske Haandverks- og Industriforeining og Kristiania Ynglingeforeining valde for ei Tid sidan nokre Menn, som skulde tenkja yver denne Saki. Dei hev no so gjort og legg fram si Fraasegn og bed Folk til aa teikna seg inn i eit Samlag, som skal freista aa faa ein slik Arbeidarskule istand.

Det er, som ein ser, Meiningi paa dette Akademiet aa gjeva Arbeidsfolk Tilføre til aa faa Kjennskap til det, som Vitenskapen kann segja oss um oss sjølve og vaart eiget Liv og um Naturen umkring oss. Vitenskapen hev no i mange Greiner vunnet fram til so klaare Sanningar, at det er endefram for kvar Mann aa koma inn i dei, berre dei vert klaart framlagde. Arbeidsmannen tek no til aa verta med i Samfundslivet; han hev inkje Raad til aa vera uvitande lenger. Han treng verta ein Mann, som tenkjer sjølvstendigt. Fyrr han tenkjer sjølvstendig, kann han inkje rett hava ein sjølvstendig Vilje. Der er ingen annan Veg fyr Arbeidararne til aa vinna fram til betre Stelling i Samfundet.

Det er reint vitenskapleg Kunnskap, som skal gjevast paa desse Kurserne. Det skal inkje vera nokon Skule etter det System, som me til dessa hev havt, med Lekselesing og
Leksehøyring, men frie Fyredrag, som kven som vil kann høyra paa. Yver kvar Vitenskapsgrein skal der haldast ei Rekkja med slike Fyredrag, soleids at der fell Ljos yver Samanhengen i alt.

Dei stræver no med aa gjera ei Foreining fyr denne Saki. Arbeidet gjeng, som ein ser, ut ifraa Arbeidararne sjølve, som hev valt Nemnder til aa styra med Saki. I Sverike hev dei alt fenget i Gang slike Arbeiderinstituter, som dei kallar dei der, og dei ser der ut til aa lukkast. Det er Dr. A. Nystrøm, som hev voret Fyremannen til aa taka upp dette Arbeidet der.

Det er og utsendt Utkast til Statuter fyr Foreiningi. Det inneheld mest det same, som er sagt i sjølve Innbjodingi. Me merkjer berre: at etter dette Utkastet skulde Foreiningi paa Aarsmøti sine velja ut 8 Mann, som alle skal vera Medlemar av Foreiningi, til Styre fyr
Akademiet. Av desse 8 skal 4 vera Arbeidarar. I det Fall, at Foreiningi fær Statshjelp, skal Kongen hava Rett til aa tilsetja 2 Mann til. Fær dei Hjelp av Kommunen, so skal den og kunna tilsetja 2. Dette Styre hev daa aa ordne allt med Akademiet. Der skal inkje i Fyredragi førast fram noko, som kann krenkja den kristne Tru elder som rører ved Dagens politiske Strid.

Men kvifor skal dei endeleg skjemma denne gode Saki med so stygt og uheimlegt Namn?