Vyrdnad fyr kvar Menneskje.

 
Det er ei kjend Sak, at dei er forbi dei Tider, daa Bonden meinte, han laut standa med Hatten i Hondi framfyr Embætsmannen og jatta med alt det, han sagde, fyr aa visa den rette Age fyr sin Yvermann. No gjeng det meir og meir upp fyr høg som laag, at det inkje er paa slik krjupande, dyrdum Maate, ein skal visa Embætsmannen sin Vyrdnad. Men enno vantar det mykje paa, at den Tanken fullt og heilt er komen inn i kvar Manns Hug, at eit Menneskje skuldar aa visa det andre Vyrdnad anten det er rikt elder ringt.

Me hev ein Svip av det alle. Det syner seg straks, naar me helsar paa ein Mann. Er det ein, som stend høgt i Samfundet elder er framifraa ved Rikdom elder annat _ ja daa tek me Hatten djupt av og gjerer alt mogelegt fyr aa sjaa vyrdnadsfulle ut. Men er det ein stakkars Arbeidsmann elder ei fatig Kjering _ aa nei du, kor vondt me hev fyr aa faa Hatten av elder so mykje som gjeva eit venlegt Augnekast; _ eg vil no aldri snakka um dei, som paa Bygaturne skjemmest ved aa helsa paa ein, som ved Klædebunaden syner, at han inkje høyrer heime millom Storfolket.

Detta er inkje som det skulde vera.

Dei, som vil gjeva seg av med aa vera folkelege, skulde tenkja paa, kor saart det maa vera fyr den ringe Mann, naar han vert soleids møtt av dei, som hev fenget ein betre Plass i Livet. Dei skulde hugsa, at kvar Menneskje paa Jordi er skapt i Guds Bilæte, og at dette Bilætet hjaa den simple Mann ofta kann straala i reinare Glans enn hjaa ein, som hev den ytre Svipen av Daning.

Minnast det alle, som hev Folket kjært, at eit venlegt Møte og eit godlynt Ord gjerer betre enn lange Talur og store Velgjerder, naar Godlaata inkje fylgjer med.

Naar ein Embætsmann paa Landet kjem til ein Bonde anten paa Vitjing elder paa eikor Forretningi, daa tykkjer han, det er ein sjølvsagt Ting, at han vert motteken med Gjestmildskap og vert fagnad paa beste Maate. _ Men eg skal inkje tru, han difyr finn seg forpliktad te gjeva Attergjeld, naar han fær Tilhøve til det.

Det er inkje mi Meining aa vilja krevja, at Embætsmannen skulde fagna alle med Mat og Drykk. Han fær for mange Innstig til det. Men det krev eg, at han skal møta alle paa ein sømeleg Maate og inkje setja eit bistert Andlet upp elder koma med umilde Ord, um det er ein Bonde slett og rett og inkje ein Proprietarius elder noko annat stort, som bankkar paa Dyri hans.

Det gjeld her som ofta hellest aa minnast dei Ordi: Som de vilja, at Menneskjorne skulo gjera mot dykker, so skulo de og gjera mot deim. Desse Ordi skulde standa djupt prentade i Hjartat paa kvar sann Folkeven.

Njædel Rothaug.