Til "ein Bystudent".


Underteknade tillæte seg herved ærbødig aa undlate aa svare paa det som Hr. Bystudent No. 1 skreiv sidst, fyrdi det etter mit Skyn rester det merbemeldte rike Kaup av store Tanker, som lyt finnast, um ein skal umake seg til Motlegg; men mest av den Grunn, at eg vil late Ungdomen faa gilde seg myket i sin Sjølv-vyrdnad ved aa ha det sidste Ord. Men ein Bystudent No. 2 skulde eg ha svart nokot, um eg ikkje sjølv hadde haurt med eigne Øyro, at han gjek ved aa ha teket imist, so han er komen til aa svare paa det som ikkje eingong er Sagens Natur i Stykkje mit. Og so vil eg segja eit Ord til desse tvo Studentarne: dei er sikkerleg varme Maalvener og viser seg aa ha Dug, daa dei skriv Maalet so godt; men ei Svale gjer ingen Sumar, ikkje tvo helder, Bystudenten i det heile er det som er Gjeitabukkarne i dei onge Treplantingarne vaare. Eg vil gjerne Semjing og Samarbeide; men eg liter i den Grad paa Bonden og oss sjølve kva Maalarbeidet vedkjem, at eg veit me ikkje treng um Bykaren. Spraaket veks liksom all annan Vokstr nedantil og upp, ikkje umvendt .

Aa naar Folket etter langt Arbeid no hev gjort seg til full Herre i sit eigje Hus, so vil det nok ta til med Indreidning av det, aa daa er det Maalet som fyrst lyt fram i Høgsæte. Bystudenten skal ha Takk fyr sit gode Tilbod um Studnad, men me klarar oss sjølve, so deskal ha Takk, berre gak or Vegjen, aa heft ikkje, naar Mor Noreg sjølv tek til aa feia si eigi Stova.

Ein Bondestudent = ein Student.