Det fyrste Steg.

 

Um Stiftsmøtet i Kristiania skriv Christopher Bruun i ”For frisindet Christendom” Sida 274: ”Det er en fornuftig og rimelig Ting at indrømme Kirken en Frihed inden visse Grænser, før man gaar til helt ud at oprette en fri Kirke i en fri Stat.” Kann gerna vera; men eg vil ikke dylja for, at eg hev som ein liten Tvil hos meg sjølv. Berre eg viste, ka dei meiner med Fridom og Sjølvstyre alle desse Prestar og Lægfolk, som hellest støtt og stendigt aatvarar oss mot Fridom og Sjølvstyre. Kannhenda, dei hev ei sers Meining, og det ligg so nær aa tru, daa dei sjølv tilstaar aa vera vekkte og uppskræmde av ”den politiske Situation”, av Ministerskifte, av Jakob Sverdrup, av Fritenkjarne, av Stortinget, av Folket, av sjølve Sjølvstyret.

 

Der er Vekking, som berre er til aa gleda seg yver, at ein kem til aa tenkja for Aalvor paa si Villa, sine Feilsteg, si eigi Synd, si eigi Forsømma. Paa Stiftsmøtet var ikke nokot som tydde paa slik Vekking; sovidt eg hev sét og høyrt, var der ingen, som var leid med seg sjølv for, at han hadde voret med og sendt ut Uppropsskrifter og blandat saman Politik og Kristendom. Ikkje eingong Professor Johnson. Tvertum etter som Christopher Bruun fortel, vart han helden for ein Hovding paa Møtet. Og det vilde han ikke ha vortet, um han hadde voret ein nyvekkt og sagt som so: Det var galet av meg, at eg var med paa Uppropet.

 

Som sagt, aa vekkjast er berre bra, naar det er for aa ungaa nokot vont, ein verkeleg Faare, og koma til nokot godt.

 

Men ka skal me segja um, at so mange no er vekkte til aa arbeida for Kyrkja og hennar Fridom og Sjølvstende, at desse mange er vekkte av ”den politiske Situation”? Den, som er so skeiv i sin Tanke og hev so liten Tillit til vaart Folk, at han fyrst, naar dette faar styra seg sjølv og av den Grunn, vekkest, ein slik dugar ikke straks til Fyregangsmann. Han kann verta dugande med Tidi, nokot godt kann koma av hans Vekking, han kann verta upplyst, og fyrst daa vil eg segja til han: Gakk ut ikring og upplys andre. Nyvekkte kem ofta med myket, som forviller og fortuller, endaa dei ikke er vekkte av ”den politiske Situation.”

 

Ja eg synest mest sjaa og høyra alle dei Prestar og Lægfolk, som reiste ikring og delte ut gratis Uppropsskrifter, og som no med ein Gong er vekkte til aa arbeida for ei Kyrkeordning i ”Retning av Sjølvstyre”, for Frikyrkja i Statskyrkja, for aa gera sitt fyrste Steg, det skal bli nokot til Greida og Uttyding! Venteleg tydar dei ut, ka ”Frikyrkja i Statskyrkja” vil segja. Eg hev lenge tenkt paa aa talt med Folk um ei ”fri Kyrkja i ein fri Stat”, eg veit, at der er baate Statskyrkja og Frikyrkja, og eg hev voret Prest i baade to. Men eg vil reint ut tilstaa, at ”Frikyrkja i Statskyrkja” er meg ei myrk Tala og høyrest som Sjølvmotseging. Skal det vera dei fyrste Steg, kem det visst til aa ta lang Tid.

 

Ellest er eg einig med Christopher Bruun i det, at me treng bua oss til aa ta mot Frikyrkja, um Kyrkja skal verta fri ikke berre i Namnet, um ho ikke skal verta prestestyrd etter romersk Mynster, men verkeleg fri i lutersk Aand, etter luterske Grunnsetningar. Denne Tilbuing kan ske i Statskyrkja. Og til den høyrer, sovidt eg forstaar, at Menigheiti faar eit Ord i Laget med, naar Prest skal veljast, og norskt Maal i Kyrkja og Skule. Paa den Maate vil Prest og Menigheit begynda aa nærma seg og forstaa kvarandre og arbeida saman. Daa vil ikke Presten gaa og miskenna ein Mann, fordi han er norsk og vil ha Sjølvstyre i Stat og Herad. Daa vil det verta til inkes med den Uppropspolitik, som me so rikeleg hev vortet velsignade med i den siste Tid. Daa vil der ikke bli so myki Vekking ”av den politiske Situation”, men meir sann kristeleg Vekking, so vil me arbeida for Friheit i Kyrkja for hennar eigi Skuld, av di me veit, at ingen bør lokkast elder tvingast av ytre Hensyn til aa bekenna ei Tru, som ikke er i Hjarta hans. Altso, Arbeidet for full Forstaaing og god Forstaaing millom Prest og Menigheit vil eg kalla det fyrste Steg paa Vegen til Frikyrkja, med andre Ord, Arbeidet for aa føra det norske Landsmaal inn i Skule og Kyrkja og gi vort Folk Anledning til aa vera med ved Presteval. Utan dette Arbeide faar me ikke Prestar, som gerna vil vera med i Frikyrkja, sjølv um vaart Folk vil vera med. Skal Frikyrkja verta til Gagn og Velsigning, maa Prest og Menigheit ikke vera rædd kvarandre, der maa verta Fortrolegheit og Tillit i Hovudsaki, den eine maa ikke fordøma den andre, fordi um dei ikke er fullt einige um alle verdslege Ting.

 

Alf Baartvedt.

 

Frå Fedraheimen 20.12.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum