[Tidender.] Nasjonal Vitenskap.
Han
Per
skreiv eit Stykkje her i fyrre Bladet.
For ein Ting er det
aa segja si Meining, naar Regjeringi fer galet fram i ei Sak, men en
annan Ting er det aa driva Spott og Gjøn, slik som han
Per
hev gjort.
Ja, for det gjer han.
Han segjer som so: Me hev
voret fordanska fyrr; no kunde det vera godt, um me tok til aa
forsvenska oss. Lat oss altso faa meir fulltonande svenskt
Maal! Meir enn me hev! Lat osse tvinga all den studerande Ungdomen
inn i slik Forsvensking!
Paa Grunnlag av
dette
_
takkar han so Blix og Sverdrup, fordi dei hev teket ein svensk Mann
til Professor i Filosofi, dei hev dermed vist, segjer han, at dei hev
betre Syn for god Norskdom en hine nasjonale Tutarar (&dvs;
Maalmenn og liberale) i Kristiania.
Slik skulde ein no
ikkje taka det, um ein held paa full Norskdom aldri so mykje. Det er
eit leidt Mistak, det, som er gjort
_
og no, daa Aktstykkerne i Saki hev vortet kunngjorde, ser det
ikkje betre ut
_;
men det skal vera Maate paa all Ting. So lengje Regjeringi i det
store og heile held fram som ho stemner, er det greidt, at
Maalmennerne vil baade stydja og æra henne, og um me i ei einskild
Sak er nøydde til aa tala imot henne, so skal ikkje det gjerast paa
slik Vis som han Per hev gjort det.
Her uppe sagde me, at Saki
ikkje ser gildare ut no, daa alle Brevskaparne er trykte, enn ho
gjorde fyrr. Ja, me maa segja det.
Av Brevskaparne ser
det ut som det var Monrad, som hadde avgjort Saki. Men dei Grunnarne,
Monrad hev lagt fram, er so skrale, og ryk so reint upp mot dei
Grunnarne og Upplysningarne, som er framkomne fraa den andre Sida, at
det ikkje
kann
vera so, det heng ihop.Og daa finst det i heile Brevskapen berre ein
Ting til, som kann forklaara Saki, og det er nokot, som Prof. Weisse
hev voret innpaa, naar han talar um den Celebritet, (Æra), som
Wikner hev i Sverig, og so skyt til
Gøteborgs
Handelstidning
som Vitne.
Gøteborgs
Handelstidning
er Hovudblad for dei
svenske liberale.
Publisert