Tvo Domar um A. Garborgs: Forteljingar og Sogur.
(Innsendt).
I.
Forteljingar og Sogur er
ei underleg Bok, forvitneleg og vill; stød og grunnviss paa den eine
Kanten og trivlande og søkjande paa den andre. Snart kjem Lagnaden.
Den usynlege uavvendelege Lagnad gjeng sin Gang utan Von um Plass for
ein sjølvstendig Vilje. Snart kjem Mannaviljen, og bryt sigrande
fram, til dess det med eit vert ein Hindring, og so syner Lagnaden
seg att, Naturen krev sine Offer; det er raadlaust smjuga undan. Alt
det, som strid mot Naturen, er skadelegt for Utviklingi.
Av laak Ætt
er eit godt Stykkje. Naturskildringane her er av det vænaste, ein
kann tenkja seg. Her er det Spursmaal um Arv, som er uppe. Me
fær sjaa korleides den hev det, som gjeng og ber paa ein tung Arv
etter Foreldri sine, korleids han vert vanvyrd og hædd utgjenom
Livet. Hans Livsveg vart tung. Dei hjelpte ikkje dei Ordi Faren sagde
til den heimanfarande Sonen: Hev eg Skuld imot deg, so tak ikkje
det med deg, der du fer, for ingen hev Brev paa Livet. Han var av
laak Ætt, Leiv Hegglid. Den Tanken, som her er lagt til Grunn, vert
paa ein Maate teken upp att i
Seld til
den Vonde
.
Seld til den
Vonde
er eit merkjelegt Stykkje baate
paa Grunn av Tendensen og det Stadium, det viser oss i Diktarens
Utvikling. Ein lyt leggja Merkje til, at det er skrive i 1878.
Evlaust er det skrive i ei tung Stund etter ein hard Strid i Tvil og
Raadløysa med den Herding, som kjem, naar ein likesom er komen
ovanpaa eit Spursmaal. Grunndraget, som gjeng gjenom Forteljingi skal
ein leggja seg paa Minne; ein fær sjaa att det same, um ein fylgjer
Diktaren vidare i hans Utvikling. Seld til den Vonde vil visa oss det
umogelege i Kristendomens Dogmar um Ervesyndi, Mannaviljen og Guds
Rettferd. Striden um desse Ting er gamal i Kyrkja, hev vore ført
lika sidan Augustins Tid i Fyrstningi av det 5te Aarh., daa Pelagius
kom yver fraa England. Forfattaren utgreider her for oss eit
Menneskjeliv, som er dømt fyrr det kom i Verdi. Han syner os korleis
Foreldre kan bera seg aat med Borni sine og spyrr um det er Rett aa
krevja den til Reiknskap, som er sett i Verdi med Domsmerkje paa seg.
Kor vert det med Mannaviljen og Guds Rettferd, naar me Menneskje, som
ved Ervesyndi alle er seld til den Vonde, skal lida for det, ein
annan hev gjort? Guds Rettvisa og Heilagdom er utan Ende
_
Alt du fær i Arv av dine Foreldre skal du taka imot, som det kom
fraa Gud
_
Ingen kan klaga fordi han vert fordømd, men maa prisa Guds Visdom og
Rettferd i sjølve Helvite, og der høyrer me av Naturen heime.
Mine Foreldre dei hev Retten og Magti til aa gjera med meg, som
dei vil, men eg er Syndaren, og eg hev fortent det, og um dei sender
meg til Helvite, so vil eg prisa dei for deira store Naade, segjer
Baard i si Sjælekvida for Altaret. Retten skal me ikkje tala um,
sagde Gamlepresten aat Trond, daa han spurde, um andre hadde Rott til
aa gjera slikt med han. Korleids kan Gud, som vil at alle Menneskje
skal verta æveleg sæle, staa i sin rettferdige Himmel og sjaa paa,
at ei Menneskjesjæl lid for det, ein ikkje hev Skuld i. Er det
Guds Vilje, so lyt du nok bøygja deg, sagde Doktaren. Guds
Tankar er ikkje vaare Tankar og hans Vegjer ikkje vaare Vegjer. Han
laut gjeva seg heilt i hans Vald. Kor er Fridomen?
I Hemnfær
me og eit Innlegg, som leikar innpaa det same. Her er det Viljen som
det er Spurnad om. Presten sagde i Brudetalen: Me skal tukta og
korsfesta vaar eigjen Vilje, den ein fyrst kom aat Altaret med, den
vilde Vaarherre, at ein skulde hava. Og det var stor Synd at aa setja
seg mot Guds Vilje: Det vart lett for Presten aa segja dette fyri
Altaret; det vart hardare, daa det røynde paa. Daa Hemnen kom, og
han sat i Baaten, bad han: ske din Vilje, og so sokk han.
Stordaader
ei væn Forteljing, det er inkje nokot av dette eggjande der. Ho er
reint umvølt, og ho hev ikkje tapat paa Umvølingi. Me fær her sjaa
Kjærleiken til andre strida med Sjølvkjærleiken. Me fær sjaa
Stordaad, verkeleg Stordaad her, tekjen beint ut av Livet. Ein
gløymer ikkje snart ei slik Forteljing, ho er av dei som bit seg
fast i Hjarteroti. Det same er au paa ei Vis Tilfelle i
Mannen
med Sekken
. Det er kveikjande etter
desse tanketunge, men myrke Skildringar aa lesa eit Stykke som
Ein
Ungkar
. Det er eit morosamt og kvikt
Stykkje. Men so kjem
Ungdom.
Ungdomer
eit meisterlegt heilt Stykkje. Det er utan Tvil det beste i Boki;
kanskje eg torer segja, det er det beste, Garborg hev skrive. Maalet
hev her fengje ei so moderne Form, som aldri nokonstad fyrr, og Emnet
er tekje radt ut av Tidi, av dei brennande Spursmaal, som er framme i
Bøkerne aat Bjørnson og Ibsen. Det er iser Bjørnsons Moralteori
han her vil til Livs. Det Moralprincip som Bjørnson i
En
Hanske
og
Det
flager i Byen og paa Havnen,
vil
leggja til Grunn for Utviklingi, synes han er berre teoretisk og mot
Naturen, I Praksis gjeng det ikkje so for seg. Livet hev ein annan
Moral. Den friske og sterke Unggjenta Anne Malene, som er uppali
etter sit eigje Hovu fritt, og utan Tvang og Paalegg fraa nokon Kant,
viser oss korleids Naturen er i seg sjølv, naar ikkje Opinionen hev
grunnlagt noko kunstigt Samvit. Ho vilde vera fri nokre Aar, fyrr
ho batt seg og ikkje hava nokon til aa tvinga sin glade Ungdom,
sagde ho aat Kjærasten sin. Og so kom den
sedelege
unge Mann Jens Carlstad, som var forlova og moralsk. Men
Naturen gjekk yver Upptuktingi. Han hadde ei usedeleg Kjenning av
at han var glad, daa han hadde smakt Kyssen, den forbodne Frukt.
Han visste ikkje at Kjærleik var so sterk
_
Dei talad og skreiv um aandeleg
Kjærleik og sedeleg Kjærleik og usedeleg Kjærleik og Sjukdom og
Satansmagt, men ingen viste noko um Kjærleik,
for
den var korkje sedeleg elder usedeleg
¹),
men sterkare enn Dauden. Her hev me med klaare Ord Naturens Krav
framstelt, som Livet kann syna oss det. Den moralske Karlstad pinte
seg med Samvitsgnag og aandeleg Sjølvpisking, men daa han kom
etter, at slik hadde ikkje Anne Malene det, so vilde han læra henne
aa vera moralsk; men det gjekk ikkje godt forhan. Naar ein vil
meistra Naturi, vert Endskapen eit Konstprodukt. Ender og Gong kjende
han i seg sjølv ei brennande Fysna: kor gildt det skulde vera aa
kunna synda
utan vondt Samvit.
Samvitet er berre Folkedomen i oss, denne djupe religiøse Rædsla
for Bygdesnakket, Organet for Bygdesnakket, gamal nedervd
Samfundsvedtekt, innvervd, ikjøtad Fleirtalsmeining um det, som var
pent og høvelegt. Anne Malene var likso uskyldig ho som tusund
andre, som gjekk og var moralske og snakka Skandale og vart vonde,
berre ein nemnde so ærlegt og nyttigt eit Plagg som ei Brok. Daa
han fekk sendande En Hanske fra den rette Kjærasten sin, var
han alt herda. Var det nokor Sak for Kvinfolki daa? dei fekk gifta
seg, naar dei vart vaksne? Per, stakkar, fekk likevel den ærlige
Jomfru Anne Malene, men den sedelege Postassistenten hadde nok
fyrst havt Høve til aa syna sin Natur. Framstellingi er glimrande,
iser der Karlstad utgreider um Samvitet, det er psychologisk fint
Stykkje for Stykkje. Forf. hev au innlagt i Forteljingi eit Ord um
Kyrkjeskikkarne og dei religiøse Ceremoniar. Iser er det
Konfirmasjon og Daap, som han neiser; detta gjer han paa ein so klaar
og talande Maate, at ein mest ikkje kann faa Boki or Henderne. Han
syner oss korleids Smaaborni, som kjem for aa
beda
um Daapens Gaava, anten dei vil elder ikkje tvingast inn i Guds
Rike. Kven kann vita um dei smaa hev Hug til aa koma dit elder
ikkje? Det er andre som
vil
for han, det er andre som
trurfor
han solenge. Selvbestemmelsens Ret hev han ikkje. Det kjem vel
med Tidi, tenkjer dei. Det er Meiningi,at Konfirmasjonen skal bøta
paa det. Presten segjer daa, at det gjeld um aa gaa upp og gjeva den
store Lovnaden, ikkje som ufrie, ikkje som av Tvang, men av eit fritt
og ærlegt Hjarta. For Gud hatar al Tvang og vil berre hava frie
Tenarar. Men dette laut Gud syrgja for, Presten
laut beda honom greida med det, for
sjølvkunde dei ikkje lova ærlegt og halda
fritt. Kor vart det daa med Fridomen?
_
Kvat Greide hadde Ungdomen paa det store, dei lova? Anne Malene kunde
ikkje dei tie Guds Bod desmeir, men Presten saag, at ho var eit godt
Barn, hadde god Forstand, Vaarherre bøygde henne nokk, naar
hansTid kom;
hennarTid var det ikkje Spurlag etter. Var
dette Tvang? Kor vert Fridomen av? Det saag ut til, at det drygde
fyrr
hansTid
kom, for Anne Malene var no eit Vredens Barn kor som er i alle
sine Livedagar: Naturen gjekk yver Upptuktingi.
Ungdomer
ei greid Melding av Bjørnsons Bøker um
Hanskemoralen,
ei praktisk Melding, som talar for seg sjølv. Det er berre ein
Protest; me treng noko meir positivt um same Emne; for slik som denne
Forteljing no er, er ho faarleg.
Me fær vona, at ei slik
Bok fær ei verdig Mottakning hjaa den norske Lesekrins. Ho er ein
Prydnad for vaart Bokrike, og me kann vera byrge av, at det hev
utkome noko so meistarlegt fullført paa norskt Maal.
Sjur.
II.
Eg vart so harm, daa eg
las desse Forteljingarne og Sogurne hans Garborg, at eg
nær hadde hivt Boki paa
Elden med det same.
Kvat Meining kann det vera
i aa senda slikt i Trykkjen? Folk er sanneleg kritikksjuke nok fyrr.
Skal ein endeleg skriva
Bøker, so maatte ein daa helder skriva noko, som det var Hugnad i
for Folk aa lesa, og inkje slikt, som berre tener til aa øsa upp, og
som riv ned i Staden for aa uppbyggja.
Som no denne siste
Forteljingi Ungdom, kvat Gagn vil ho gjera tru? Ho vil inkje
noko Gagn gjera, utan for eldre Folk netupp, som der vil sjaa ein ny
Vitnesburd um vaar Naturs Forderv og medfødde syndige Lyster, men
naar me kjem ut millom Ungdomen, meiner du, at dei vil læra av
Forteljingi aa strida mot Kjødets Begjæring? Nei, mange vil
kanskje tyda det ut slik, at det er inkje so nøgje med korleids dei
fer, men kvar kann gjera som han vil og korkje vyrda Prest elder
Kyrkja. For eg skynar nok det eg ogso, at desse Forteljingarne er
ikkje aa taka so beintfram, men det ligg ei Meining under i alle
saman, og den Meiningi er vist den, at Kyrkja og Prestarne dei gjer
berre det som vondt og galet er, og det vert avskildrat mest som
nokot Narreverk altihop. Men den Sak hev eg funnet at vera god og
ingi Nedriving verd. Men vil nokon grundigt sjaa, korleids denne
Verdens Gud er lagad og Vantroens Børn, so veit eg inkje
betre, enn naar dei les denne Boki. For Guds Bodord skal likesom
ikkje vera nokot større, og helder ikkje Barne-Daap og Vigsla, ja
inkje nokon Ting. For eg skynar nok kvat som ligg under, det er no mi
Tyding, og dette skriv eg for aa vara andre. For eg vil inkje, at
mange skal bruka ein sodan Lærdom.
t. t.
¹)
Alle Utpeikingar er av Meldaren.
Publisert