Tidender.
Kristiania,
den 12te Desember.
Departementsfolk
og Arbeidsflit trur Folk jamnast er tvo Ting, som lite høver
tilsaman, skriv
Dagbl.
Ein trur helst, at Departementet er rette Latmannshuset, og ein
Departementsmann vil som oftast finna ein Smil leikande um Munnen
hans, som spyrr, um det er onnugt med Arbeid paa Kantoret. At det
vert ofsat nokot i dette, er sjølvsagt, men det er inkje Røyk utan
Eld, og det er ei Røynsla, som kvar hev gjort, at ein kunde arbeida
mykje annleids i Departementi. Sume er det, som arbeider baate godt
og snøgt, som tek i jamvæl yver sine Evne, men um Stordelen skal
ein vist inkje segja, at han fortek seg. Fyrst so kjem ein 15
_30
Minut for seint paa Kantoret. So skal han lesa
Morgenbl.
væl, baate A og B, og det tek 3 Kvarter.
_
Det kjem minst 16
Morgenbl.
til Departementi.
_
Og so sit dei og røder ein Time og er ute og reikar ein halv Time.
Av dei 5 Arbeidstimarne, som er den vanlege Kantortidi um
Fyrimiddagen, vert det soleids burtøydt umlag 2 Timar. Paa den
Maaten kann du tyda deg, at ein Søknad hell Spurnad til Departem.
fyrst er aa venta Svar paa etter baate Dag og Maanad.
Det var inki det Slag til
aa undra seg paa, at dei vart so harme, daa Statsraad Kildal nyleg
sende den Bodi aat Departementsfolki sine, at dei fekk sjaa til aa
passa Kantortidi, og bruka henne til det Arbeid, som dei var sette
til.
Ved Formannsvali
i
Bergenog
paa
Kongsberg
vann Vinstre, i Trondheim og Kristiansund Høgre.
En Malstrøm,
ny Forteljing av Jonas Lie er komen i Handelen.
W. S. Dahl
kjem væl til aa møta som Tingmann fraa Romsdals Amt, i Staden hans
Vik, som hev vortet sjuk.
Presten Selmer
i Høgsfjord vil slutta med aa vera Prest og reisa til Madagaskar og
vera Misjonær.
Høg Alder.
I Faaberg i Gudbrandsdalen liver eit Kvende, som var 103 Aar den 1ste
Desember.
Fusk.
Ved Formannsvalet i Bergen var det
ein Mann som freistad paa
aa leggja 9 Røystesetlar. Det vert Forhøyr, og Mannen fær væl
Straff.
Sverdfisken
er furdeleg so sterk. Han braut nyleg Hol paa ein stor Trimastring,
so Skipet maatte søkja Hamn det fortaste det vann. Han hadde støytt
Hornet sitt igjenom Koparhudi og ei 4 ½ Tom. tjukk Plankehud og
tvert igjenom den indre Planken, som ogso var 4 ½ Tom. Fisken tok
væl Skipet for aa vera ein stor Kval, er det Von.
Elektrisk Ljosvert mykje brukat i Amerika, meir enn i
England. Kvar Kveld brenn det paaleg 90,000 elektriske Lampar i
Amerika. Og i Newyork kann ein køyra 6 Kilom. utan at ein ser annat
Ljos, og sume held det for det, at for kvar elektrisk Lampe sparar
dei ein Politimann.
Ei Tenestgjente
i Tyskland fortalde Husbonden sin, at ein Farbror av henne var daaen
i Amerika, og at han hadde voret fælt rik. Husbonden granskad Saki
nærare, og det synte seg, at Farbroren aat Gjenta inkje leivde etter
seg mindre enn 160 Millionar Dollars. Gjenta og 14 andre skal erva
honom.
Publisert