Nokot um Lovverket vaart.


(Av Hermod Heimdal ).
 
(Del 1 av 2.)
 
 
Lovar er nokot som Aalmenningen her i Landet hev fælt lite Greide paa. So upplyst eit Folk som me hev Ord for aa vera, so er det vist faae Land, der Folket er so lite lovkjent som vaart. Dette hev vel sin største Grunn i, at me ikkje hev havt Jury. Aalmenningen hev ikkje havt Høve til nokor praktisk Upplæring i Lovverket. Og Utgreidingi hellest hev det ogso voret smaatt Stell med. Paa Tinge sit han Lagrett og fær daa høyra Vitnemaal og Domssoga hellest; men sjølve Domen fær han ikkje høyra nokot av; for den gjer Skrivaren heime paa Kantoret sitt. Det er nokk so, at ein Dom gjeng Mann fraa Mann Bygderne ikring; men alle kann vita kva Rettleiding det er i slikt, Sistpaa vert det kje att eit sannt Ord av heile Domssoga.

Og av Bladi er det kje hell nokor større Greide aa faa. Storbladi, som t.d. Morgenbladetog Dagbladet hev av og til Høgsterettsdomar; men Bladi, som gjeng for Storhopen utyver Landet hev det mest aldri. Det kann vera ei og onnor Sak, som vert nemnt; men daa er det som oftaste berre snaude Domen fraa: Thi kjendes for Ret o.s.b., som vert medteken. Kvifor Domen vart slik held Bladstyraren for seg sjølv.

Eg vil her nytta Høvet til aa fasa segja, at alle Blad, som gjeng ut til Aalmenningen, burde hava ein fast Lovbolk, og daa ikkje berre nemna snaude Domen og Lovbodet, men gjeva ei stutt og godt Utgreiding av heile Domssoga. Verdens Ganghev teket etter dei amerikanske Bladi med Spursmaal og Svar. Dette er vist ogso til Hjelp; men det er so reint for snaudt altsaman. Svaret er for det meste berre Nei og Ja. Jamvæl sjølve Lovbodet vert som oftaste utelatet.

Aalmenningsbladi lyt sjaa og gjera nokot meir i dette Stykke heretter. Dei hev stor nokk Skuld i Lovverket, endaa dei kann skjota største Skuldi paa Regjering og Storthing, som ikkje hev innført Juryen.

Der Juryen brukast vert Lovkjennskapen liksom tvinga innpaa Folket. Aalmenningen er sjølv med og dømer og fær soleids Greide baade paa Dom og Domssoga og med det paa Lovarne. Og dette gjeng daa fraa Far til Son nedigjenom. Dei tarv ikkje slaa upp og lesa og granska i store Lovbøker slik som her. Og daa vist ikkje Lovbøker, som dei skjynar kje Spraaket i. Det er syrgjelegt, men sannt, at Aalmenningen er plent likeso klok, naar han legg ifraa seg Lovboki, som daa han tok henne. For det stend fast, trass i alle Skoledirecteurer, at Folket paa Landsbygderne ikkje kjem lenger med Bokspraaket i Smaaskulen enn at dei berre so vidt kann godt lesa det. Aa forstaa det er det ikkje rødande um. Dei forstend det ikkje. Ikkje eingong i Lærebøkerne. Berre i dei ti Bodord er det ei heil Horg med umogelege Ord. Og daa veit alle, koss det gjeng aa gruna i digre Lovbøekr. Stordeilen gjev seg yver paa Fyrhaand. Dei iddest ikkje aa sjaa i ei Bok, som dei vert like kloke av. Einskilde Menn magtar det med Tid og Stræv, men dei kjem reint burt i Storhopen. Dansk-Norsken i seg sjølv er leid aa verta klok paa for Aalmenningen; men Spraaket i Lovbøkerne vaare er verre, mykje verre. Fyrst er det no all denne velsigna Mengd med framande Ord paa kvar Sida utigjenom. Ein maa hava Meyers Fremmedordbog jamsids seg, plent liksom naar Latinskuleguten sit med sin Ingerslev og studerar sine Klassikerar. Den som hev gjort dette siste, han veit, kva det vil segja, at Aalmenningen les Lovarne. Aa granska ein Lov ved Hjelp av Ordbøker, det gjeng kann du vita. Men ikke nokk med dette. Stilen er so mangeslungen, at ein maa løysa upp Setning forSetning, fyrr ein fær nokor Greide paa det. Og er ein ikkje framifraa skarptenkt, so stend Forstandet stilt rett som det er. Eg hev set Folk hev vortet so harme, at dei hev hivt Lovboki beint i Elden. Og det er ikkje Raad med annat hell, naar ein skal lesa og gruna, so Sveitten renn, og endaa plent vera like vis.

Eg kunde gjerne nemna tusund Døme paa Slike Lovparagrafar, som er umogelege aa forstaa med godt Folkevit. Men eg skal her nemna berre ein, som eg høyrde paa igaar, daa ein Mann, som hadde tilgode i eit Konkursbu, kom og spurde meg, um det var nokot aa gjera med, at han ikkje hadde fenget vist um, naar Skiftesamlingi var. Me kom til Paragraf 18¹) og las dette, som kjem her paa Dansk: Den i § 15 befalede Bekjendtgjørelse har den midlertidige Bestyrer uopholdelig at tilstille samtlige paa den Tid bekjendte, saa vel udenrigske som indenrigske Fordringshavere og deres bekjendte Kommissionærer paa Stedet. Undlades, hvad i nærværende § er foreskrevet, for nogen Fordringshavers Vedkommende, kan dog ikke derpaa bygges Indsigelse mod Gyldigheden af, hvad der i Skiftesamlingen er blevet forhandlet eller besluttet. Heller ikke er Underretningen af nogen Virkning med Hensyn til den senere Prøvelse af Vedkommendes Fordring.

Dette las me, ei Gong, tvo Gong og mange Gongur og fekk sistpaa ut: I fyrste Setningi stend, at den midlertidige Bestyrer er forplikta til uopholdelig aa gjeva kvar Fordringshaver, som han kjenner til, Bod um, naar Skiftesamlingi skal vera. I andre Setningi stend _ men dei brukar 28 Ord for aa faa det til _ at han kann gjera radt som han sjølv vil. Og Fordringshavaren hev berre aa tegja til det, som vart gjort paa Skiftesamlingi. Men ei lite Trøyst skal han daa likevel hava. Tredje Setningi gjev honom Rett til aa faa Fordringi si prøva seinare! Ja det var daa endaa nokot, sagde Mannen flirande og slog att lovboki med ein Smell.

Juristarne fær nokk Meining i denne Paragrafen paa sinMaate; men her snakkar me berre um Aalmenningen med godt Mannavit.



¹) Sjaa Konkursloven av 6te Juni 1863.
Umframt Stilen kunde det vera mange Raritetar aa nemna i denne Loven; men dette er ikkje
Meiningi med dette Stykke. Berre ein einaste Ting skal eg nemna, fordi den er so forvitneleg.
Ein Handelsmann, ein Skjips-, Fabrik- og Bergverkseigar kann faa Akkord, men ikkje ein _
Bonde!! Kor var Thingbøndarne tru den 6te Juni 1863? I Thingsalen hev dei vist ikkje voret.