Fraa Sætisdal.

 

 

(Um Maalsaki).

 

 

Eg kunna no hava so mykje aa fortelja hera ifraa: Um eit vaknande og vaksande Liv med Diktning og Draumar, i Kamp med det gamle; men det som ligge meg mest paa Hajrta, er Maalsaki, allvisst no, daa me sjaa, at dei, me kunna vente Studning av i slikt, set det jamnsides med Korgefletning, Basstebinding hell ”Haandarbeide” i det heile. No ja, det kann ’kje vera saa vondt meint med dette; men det syner idetminste, at mange av dei, som kallar seg ”liberale”, inkje skjynar seg paa, ko Maalet er fyre oss. Difyr vyrder eg det so litet, um slike segja, at dei ”interesserer” seg, ja ”sværmer” fyr Maalet, ”erkjender dets Berettigelse” o. s. br., naar dei inkje gjere noko fyre det. D’er daa tome Ord i tome Munnar og inkje noko anna. Fyr, um dei til Naud kann skjyne det med Hovudet, so skjynar dei det inkje med Hjarta og kann difyr inkje elska det nok.

 

Det var gildt aa sjaa Uttali um Maalsaki fraa Sogn og Hardanger, men, at dei var skrivne paa Dansk, likad me kleint. Paa same Maaten var det og med ”Foredraget” hans Dahl og med Uttalet fraa det norske Samlag.

 

Det fyrste, Maalstrævet byrja i Bygdarne her, vart her Stell, kann De tru: ”Dette fille Maalstræve!” ”Desse Halvgalningarne” o.s.br. Dette var det Umdømet, som Maalet og Maalstrævarann finge og faa enno paa fleire Stadar heruppe; ja, for i Bykle _ øvste Sokne i Sætisdal _ er dei endnaa so galne, at dei sende Bønarbrev til Stiftsdireksjonen um aa verta fridde fyr ”dette fille Maalstrævet” i Skularne deruppe. Men du store Syn, alt det Byklarann glodde, daa Presten i Haust las upp Svaret fraa Stiftsdireksjonen, der det millom annat het, at dei stakkars Stuvingarne ”ikke forstod sig paa sligt”. ”Gud fri okko, hose vare her laga daa!” meinte sume; ”kanskje dei faa no Bibilen sjave paa Bygdemaal. D’ er visst paa dei seiste Daganne no!” Og so er der og nokre so kloke, at dei kunne fortelja, at Vaarherre tala paa Dansk.

 

Ifjor Haust var me yver 40 Maalmenn, som lagde oss ihop og skjipad eit ”Framstigssamlag”, hellst for aa kunne kaupa inn dei beste nyare Diktarverk og for aa kunne verka med Kraft fyr Maalet. Der kom Strid, som ventande var, og Verkje vart av mange stemplat som noko so faarlegt fyr Kristendomen og Kristenlivet i Bygdarne, at Folk laut agta seg fyr det, so mykje dei kunna. Men det gjekk likevel: kvast mot kvast var det, og no hev me alt ei liti, men framifraa god Boksamling, der dei beste nyare Bøkerne er aa finna. So held me og Møte med Ordskjifte um ymse Sakjir, Upplesing av det handskrivne Bladet ”Daleguten” og ellest, kvat me kann finna paa.

 

Dei beste Mennar i Sokni er med _, Faakunna held seg endaa ute. No ein Laurdag hadde me Møte med Ordskjifte um Maalsaki. Me vart alle samde um aa segja:

 

”Me vil hava full Rett fyr vaart norske Maal: i Bok, Skule, Kjyrkje og Heim, daa me tru, at me aldri kann rekkje den sanne Fridomen hell venta aa faa noko vent, stort og rikt Folkeliv, um me inkje stende fullt ut paa nasjonal Grunn. Me vil difyr, at Vinstre skal taka upp Maalsaki som fyrste Punktet paa sitt ”Program”. At Stortingjet skal gjeva Pening til Umsetjing og Utgjevning av norske Bøker _ serlig Bibelen _, likeins til Professorpost i norsk Maal _ og so endeleg ved Logbod syta fyre, at Maalet vert fullt ut brukat ved vaare Seminar.

 

Sjølve vil me no tala det og skriva det so reint som mogelegt og ellest arbeida fyre det so mykjet, som me kann.”

 

Daa me so ha stelt til dette Uttalet, kvad me desse Stevi, som eg ha diktat i ”Daleguten”:

 

 

Det gamle Maalet mitt eige Vengji,

det flyt i Danse paa fine Strengje

og bere Tonur i Hjarta inn,

som vitnar klaarleg um Klangjen sin.

 

Det bere Tankjen me tilegt funne,

det bere Vitet, me tilegt vunne,

det ber vaart Hjarta, vaart heile Liv

og manar Aandi, som kring os sviv.

 

D’ er Blom, som blømer i djupe Dalar

og i det Djupe til Hjarta talar.

Som Bod fraa Himilen skjir og rein,

det bløyter Hjarta som Staal og Stein.

 

So tilegt talar det til vaar Øyra

i kvert eit Ord, som me fær aa høyra.

Det maalar alt det, me fær aa sjaa

fraa svarte Jord og til Himel blaa.

 

Det Drag av Lengt, som i Skogjen susar,

den Øm av Kraft, som i Fossen brusar,

den Glans av glimande Sol so full,

Alt samlar Maalet som Ervegull.

 

Det Gjæve, Fedranne ha aa gjeva,

i Ord dei inn i vaar Tankje teva.

D’ er liksom Livet, dei i det gav

og stiga fram or si gløymde Grav.

 

Ja, Maalet heve mitt Hjarta vunnet

og nye Tankar paa Bottnen funnet.

Ja, Maalet bere mitt heile Liv;

det er den Aandi, som kring meg sviv.

 

Men difyr vekk med det skarve Skraalet.

Me vil ’kje hava det danske Maalet.

Med framandt Maal og med framand Sed

aldri til noko so duger me.

 

Skaa Trui vinne og Myrkret vike,

so lyt me bruke vaart Maal, det rike.

Solengje ”Ordet” ”æ som det æ”,

det legge sjelda ko rotet Fræ.

 

Og kvi? Aa jau, skal ditt Hjarta brenne,

det maa dei kjendaste Tankar kjenne.

og skal du syngje som Fuglen fri,

du Heimelufti maa teva i.

 

 

Hyllestad den 2dre Desember 1884.

 

Torgeir Bjørnaraa.

 

Frå Fedraheimen 13.12.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum