Burt


med det som er for gamalt. _Eg likad det ille, da eg ein Dagen fekk sjaa Lysingi i Fedraheimenum det nye Maalbladet Dag, fyre di dei gode Herrar Utgjevarar brukte Fleirtal i Verkeordom. Hr. Arctander, Umsetjaren av Petersbrevet, brukar inkje Fleirtal av Verkeordom utan av hava og verta. Kvifyre brukar han inkje Eintalsform i deim ogso? Vekk med alle daude og halvdaudde Former! Alle Malmenn! Tak upp Berners Forslag og skriv stendigt Verkeorde i Eintal . Kvifyre skal me prøva aa skriva Maalet meir flokut enn naudturvelegt? Er det kanskje likare aa gjera som Tyskaren og skriva: ich bin, du bist, er ist, vir sind, ihr seid, sie sindistadenfyr aa skriva: eg er, du er, han er, me er, de er og dei er? Kirkedepartementet, som fyr ellest inkje hev havt Ord fyr aa hava gjenget fyr fort fram, hev lenge sidan paabodet Skularne aa skrive Verkeorde i Eintalform, Kvifyr skal so inkje me Maalmenn og fylgje med Utviklingi? Sjaa um kje Fedrah. alt lengje hev brukt den Skrivemaaten! Eg raader difyre dei gode Herrar Utgjevararne av Dag skal bli, Skulestyrarar Hægstad og Lærar Brenne, at dei skriv alle Verkeord i Dagog hellest i Eintalform!

Ola Viking