Aat "Ein Bondestudent"
Eg vart glad, daa eg
saag, at Uppropet mit hadde den ynskjelege Verknad: aa setja ein
Kvekk i Bondestudentarne; men eg vart fjetra daa eg saag, korleids
det vart mottekje. Kvasst tok eg i, det er sannt, eg gjekk beint paa
Saki, men eg hadde ikkje venta aa faa noko att, som var skrivet paa
den Maaten, som det Tilsvaret, Ein Bondestudent var so venleg
og gjeva meg i siste Nummer. Eg hadde Von um ei ædrug Utgreiding um
sjølve Saki og ikkje noko so uvedkommende og personlegt som det.
Vidare parlamentarisk var det helder ikkje.
Eg hev vorte
fraaraadd aa svara paa eit slikt Stykkje. Men for at han ikkje skal
gilda seg altfor mykje i sin Sjølvvyrdnad, han, som er av dei,
som
er Saltet i alt det som høyrer til Framstig
,
skal eg faa Lov til aa segja eit Par Ord. Eg trudde, at eg skulde faa
sjaa eit Innlegg til Bate for Bondestudenten, men fekk i Staden ei
Nedrakking av Bystudenten. Kvat kjem det Saki ved? Fordi Bystudenten
jamnaste er likesæl med det norske Maalet, hev difor Bondestudenten
Brev paa aa vera det? Bondestudenten er uppalen i det, hev difor
betre Høve til aa vera sann Maalmann enn han, som hev fengje
Danskesvipen i seg fraa han vart fødd. Eg sagde og segjer enno, at
Bondestudentarne er dei, me skulle kunna setja vaar største Lit til
i Maalsaki, at me kravde mest av dei, fordi dei i so Maate hadde ein
betre Arv fraa Far og Mor. Eg hev ikkje forsvara Bystudenten, det
forstend kvar som hev lese Stykkje mitt, so eg synest det var utrengd
aa meida dette uppatt, soleids som Ein Bondestudent hev gjort.
Det tok meg og hev alltid
undra meg, at dei fatike av Bondestudentarne og dei, som hev verst
for aa greida seg her inne, stødt var dei beste og hadde flest
Interessur, og det enndaa dei hadde mykje vondt aa strida med. Men
dei som hadde god Raad av Bondestudentarne og hadde Tid, dei sette ei
Æra i aa likna Bystudenten i aa vera fine og i aa vanvyrda og
vera likesæl med det heimelege Maalet. Aat desse var det iser
Uppmaningi var skrive.
Det skulde gleda meg, um
eg hadde tekje i Mist i dette Stykkje, men eg er for viss i mi Sak
til dess.
Det undrar meg, at
Ein Bondestudent vil koma og fortelja meg det, at alle Bonde
studentar
kannmaalet,
det tyder paa, at han ikkje hev stor Kjennskapen til det, han skriv
um. Var det slik, so var alt godt og væl. Aa nei, det er nok svikne
Voner det.
Eg trur eg torer
segja, at Mesteluten av dei
ikkjekann
Maalet, i allfall ikkje dei, som hev gjenge paa Skule her i
Hovudstaden i lengre Tid. Skriva det, vil eg no ikkje tala um; det er
berre nokre faae utvalde som kann det. Ein Bondestudent
set yver Stykkje sitt:
Upp
Bystudentar
! Fyrr enn
Bondestudenten hev Rett til aa koma med Upprop til Bystudentarne um
Maalsaki, fær han fyrst sjølv foregaa med et godt Eksempel,
som dei segjer.
Eg trur gjerne, at
den Bondestudent, som hev skrive det elskverdige Tilsvaret aat meg i
fyrre Nr. er ein god Maalmann; men han fær tola, at ein segjer eit
vælmeint Ord aat dei, som ikkje er det. Meiningi med mitt Upprop var
fyrst aa
vekkjaBondestudenten
og sidan mana han upp til aa vera meir med, verka paa Bystudenten og
dei andre, som treng aa arbeida saman med han i god og broderleg
Aand. Men daa fær han ikkje vera so sær, at han ikkje vil høyra
Sanningi.
Eg hadde etterpaa tenkt
paa aa skriva eit Stykkje um, at me skulde slaa os ihop i eit Samlag
og verka saman til noko godt, so me kunde leita fram alle dei, som
kunde gjera meir for Maalsaki, men som av ein elder annan Grunn
gjøymer seg undan. Det hadde vore betre um Innsendaren hadde skrivi
noko um,korleis me paa beste Maaten kunde gjera ei Umbot i det
noverande Tilstandet, enn aa hundlaata Bystudentarne; for trur han
det hjelp noko, so tek han i Mist.
Ein
Bystudent
.
Publisert