[Tidender.] Programmet,

 
som Høgre fekk istand her ihaust, var tomt og magert.

No hev Novemberforeingini freistat aa gjera det betre. Og no hev det vortet nokso greidt. Fyrst og fremst vil dei støyta ned heile Statsskikken vaar, og so vil dei attaat byggja sjølve. Den nye Bygningen skal vera soleids, at i Bygdestyret er det berre Storingarne, som skal hava nokot aa segja, likeins i Amtstinget; Amtstingi skal saman med Kommunestyret i Byarne velja Lagtinget, som paa den Maaten inkje vert Ting paa den vanlege Skikk, men eit grepalegt Overhus, som kann verja Storingarne og gjeva Trygd for, at den som forbryt seg mot Land og Folk inkje skal verta dømd av nokon Riksrett.

Dei gløymer likevæl inkje heilt ut Arbeidaren og Fatikmannen, som ein kanskje skulde tru. Dei vil unna honom Rett _til aa sitja utanfor Døri aat den rike og taka imot dei Molarne, som fell fraa hans Bord.

Dei kjem væl til aa slutta med aa tala so mykje um Kristendomen ogso no daa, naar dei hev fenget eit slikt Programm. For dei laut faa seg hendigare Thelogar enn baate Bugge og Heuch, skulde dei hava nokor Von um aa faa ein kristeleg Svip paa sovoret.

Men Programmet er greidt og godt, ein maa ynskja Høgre til Lukka med, at dei hev endeleg funnet ei høveleg Form for sine vælmeinte Tankar.

For alle vil forstanda dette, ingen Folketalar skal kunna gøyma det burt, kor ordhitten og fim han so kann vera.

Og Folket vil svara paa det.