[Tidender.] Elsk og Mord.


I Frankrike hev det voret for Retten nyleg ei fæl Sak. Fruga hans Aveline hadde huglagt ein Tenestgut, som var 12 Aar yngre enn henne; og daa det inkje fanst onnor Raad til aa koma ihop paa, so tok ho den Tanken, at ho laut drepa Mannen sin, som var eit godlynd og skaplegt Menneskje. Tenestguten hadde væl inkje nokot imot aa verta gift med Fruga, men han likad inkje det likevæl, at dei skulde drepa Mannen. Men so lenge dreiv ho paa med det, til ho ogso fekk honom paa den Trui, at det var ingen annan Utveg aa finna. Men han var daa inkje hugad paa aa gjera det straks, men sette ut fraa Tid til Tid. Endeleg vart dei samstelte um, at det skulde gjerast i Januar 1885; men so kom ho til aa tenkja paa, at ho kunde inkje gifta seg upp atter fyrr 10 Maanar, etter at Mannen var daaen, og so lenge kunde ho inkje drygja. So fekk ho umgjort det til det, at dei fekk gjera det i Sumar. Og so tok dei til aa tenkja ut Maaten. Fyrst tenkte dei paa aa stappa Dynamit i Byrsa aat Mannen, men det var inkje Guten hugad paa; so var det Gift, ho hadde alt stelt til nokre Kakur med Gift i, men ho fekk inkje Mannen til aa eta dei. I Brevi sine aat Guten bar ho seg fælt ille for dette og bad honom koma og endeleg gjera det av med Mannen. Daa han kom, stelte ho honom upp i ein Skog, der ho viste Mannen vilde koma. Men Motet forgjekk Guten; han stod med Byrsa og sigtad, men torde inkje klemma av, daa Mannen kom. Men so vart han likevæl gangande og sviva der i Skogen, og nokre Dagar etter høyrdest det endeleg eit Skot, og daa Folk kom, fann dei Mannen liggjande død paa Vegjen. Daa Saki kom for Retten, negtad ho all Ting, men Brevi vitnad for mykje imot henne. Ho vart dømd til Døden og Tenestguten til Straffarbeid paa Livetidi.