Tri Forteljingar av Prosper Merimée. [Forteljing til Utklypp]

 
(Del 3 av 8. Fyrste delen.)
 
 
 -12-

heldt paa aa setja seg tilbords under eit stort Fiketre utmed Husdyrri. Alle var tenkt paa aa godgjera seg, og Angen fraa Jasminerne og Orangerne, som stod i Blomstr, blandad seg so ljuvlegt med den meire matlege Lufti, fraa fleire Fat, som fekk Bordet til aa bogna under Tyngdi. Rett som det var, kom det ein Mann ridande burtifraa Skogbruni eit Pistolskot fraa Garden. Den ukjende hoppad hendig av Hesten, helsad Lagfolki med Handi og sette Øykjen inn i Stallen. Dei ventad ingen, men i Spania er det Skikk, at kver vegfarande Mann er vælkomen i Laget. Den framande syntest etter Klædi aa døma aa vera ein stor Mann. Brudgomen gjekk strakst burt for aa beda honom med i Laget.

Medan dei med laagt Mæle spurde kvarandre, kven denne framande væl kunne vera, vart Notaren i Anduja, som var i Brulaupet, bleik som eit Lik. Han freistad aa reisa seg, der han sat tett med Brudi, men Knei skalv under han og Beini vilde ikkje lenger bera. Ein av Gjesterne, som dei tvilad for høyrde med til Smuglararne, gjekk burt til Brudi og sagde: Det er Jose Maria! _ tek eg ikkje i Mist, so kjem han for aa gjera ei Ulukka. Det er Notaren, han vil til Livs. _ Men kvat skal me gjera? hjelpa han undan! _ Nei, det gjeng ikkje! Jose Maria vilde strakst naa han atter. _ Stoppa Røvaren? _ Men Flokken hans er vel ein Stad her umkring; ellest so hev han Pistolar i Beltet, og Dolken hans kjem aldri ifraa honom. _ Men Hr. Notar, kvat hev De gjort daa? _ Aa, jøye meg! inkje, inkjevetta! _ Ein tymtad paa, at Notaren for tvo Maanar sidan hadde sagt til sin Leigebrukar, at ifall Jose-Maria ein Gong kom og bad um noko aa drikka, skulde han slaa ein god Slump Arsenik i Vinet.

Dei samraadde seg enno utan taka aat Kaalgryta, daa den framande kom inn i Lag med Brudgomen. Utan Tvil var det Jose Maria. Han kvesste i Forbifarten eit Par Tigaraugo paa Notaren; hin vart so ille ved, at ein skulde tru, han hadde fengje Skjelte i seg. Sidan helsad Jose Maria paa Brudi og bad um Løyve til aa dansa i Brudlaupet hennar. Ho vaagad ikkje anten segja nei hell gjera Nyvur. Jose Maria tok straks ein Korketreskrakk, gjekk


-9-
 
Ein Røvar tek jamnaste i Veg med aa vera Smuglar. Handelen hans vert hefta av Tollfolki. Det er ein skrikande Urett av ein Nitiandedeil av Folket, at dei uroar ein snid Mann, som sel billegt Sigarar, som er betre enn Kongens, og som let Kvendfolki faa Silkevarur og Engelsty og alt Slag Drøs fraa Seks Miler i Umkverven. Ein Tollmann kjem til aa slaa ihel elder taka Hesten hans, og daa er det ute med Smuglaren; han hev ellest ei Hemn aa fullføra; han vert Røvar. _ Ein spyrr kor det hev vortet av den vene Guten, som dei saag for nokre Maanar sidan og som var gjævaste Karen i Bygdi? Aa! segjer ei, dei hev nøydd han til aa fara aat Fjelli. Det er ikkje hans Skuld, stakkars Krok! han som var so tekk! Gud bevare han! Dei godslege Folki gjev Regjeringi Skuldi for alle Vangreiur, som Røvararne gjer og segjer, at det er ho som driv Fatikfolk den Vegen, dei som ikkje vil annat hell aa vera i Fred og liva av sit Handverk.

Mynstermannen for dei spanske Røvararne, Frikaren imillom Landsvegsheltarne vaar Tids Robin-Hood, Roque-Guinar¹) det er den namngjetne Jose Maria med Tilnamnet el tempranito , Ottefuglen. Det er den Mann, som dei talar mest um fraa Madrid til Sevilja og fraa Sevilja til Malaga. Ein staut og djerv Kar, høvisk til ein Røvar aa vera er Jose Maria. Um han stoppar ei Reisevogn, gjev han Handi aat Damurne for aa hjelpa dei ned og syrgjer fyr, at dei kjem haglege til Sess ein Stad i Skuggjen, for det er mest um Dagen han gjer sine Storverk. Aldri ein Eid, aldri eit grovt Ord. Nei tvertum, ein mest mjuk Vyrdnad og naturleg Høflegheit. Tek han ein Ring av Handi paa ei Dama, so segjer han: Aa, Frøken, ei so væn Hand treng ikkje um nokon Prydnad. Og med di han løyper ringen ned av Fingeren kyssar han Handi, so ein skulde tru, som ei spansk Dama sagde meg, at Kyssen for honom var mykje meir verd hell Ringen. Ein fortel, at han altid let dei reisande hava so mykje Pengar, at dei kann koma til nærmaste By, og at han aldri segjer nei, naar ein vil halda paa ei Minnegaava, som det gjer ein vondt aa missa.


-10-
 
Dei hev skildra meg Jose Maria som ein stor Mann paa ein 20 Aar, heilskapa, med opne ljosgjæve Anlitsdrag, Tenner so kvite som Perlur og livande aandfulle Augo. Han gjeng jamnaste i eit overlag gildt Skart. Lintyet hans er altid slikjande kvitt, og Henderne so fine, at dei vilde gjera Æra paa ein Sprettar i Paris elder London.

Det er berre seks Aar, han hev faret Storvegjerne²). Foreldri hadde tenkt han til Prest, og han gjekk au ei Tid i Prestelæra paa Høgskulen i Grenada. Men han hadde ikkje vidare Kall for det, som ein skal sjaa, for han smaug seg um Notti inn til ei Frøken av god Byrd ... Kjærleiken orsakar so mange Ting maa vita ... men dei talar um Vald, um ein Tenar, som vart saarad ... eg hev aldri fengje Greide paa korleids det hadde seg med dette. Faren gjorde mykje Staak, det vart Kriminalsak og Jose Maria laut røma Landet og taka Flugti aat Gibraltar. Daa han ikkje hadde Pengar, gjorde han Avtale med ein engelsk Storhandlar um aa smugla inn ei heil Mengd med forbodne Varur. Han vart sviken av ein, som var med. Tollmennerne visste den Vegen, han skuded fara og fall yver han. Alle Muldyri, som han dreiv vart tekne, men han gav seg ikkje fyrr etter eit drustelegt Basketak; han saara og drap fleire av Tollmennerne. No heretter hadde han daa ingen annan Utveg enn aa krevja Ferdafolk.

Altid hev han havt Lukka med seg like til den Dag i Dag. Dei sette ut ein Pengepris paa Hovudet hans og Signalemanget hans vart uppslegje paa Portarne i alle Byar med Lovnad paa 8000 Realar³) aat den, som fekk honom daud elder livande, jamvel um det var ein av Felagarne hans. Men Jose Maria held ved med sit faarefulle Kall, og Ferderne hans gjeng fraa Grensarne aat Portugal til Kongeriket Murcia. Flokken hans er ikkje stor, men det er faste og djerve Folk, som han i lang Tid hev kjennt. I Brodden for eit Dusin utvalde Menner kom han vyer la venta de Gazin, sjautti friviljuge Royalistar⁴), som var gjorde i Veg for aa for-


-11-
 
fylgja han; han avvæpnad dei alle saman, og dei saag honom i Mak fara atter til Fjelli med di han dreiv frammed seg Muldyri deira, som var klyvjad med sjautti Byrsur. Dei tok han med som Sigermerke.

Dei fortel forvitnelege Ting um hans Hævleike i aa bruka Byrsa. Paa ein Hest, som fær i Tvisprang raakar han Leggjen paa eit Tre paa 150 Stegs Hald. Eg skal fortelja eit Hende, som viser, at han er baade vishøv og ein hugstor Mann.

Det var ein Kaptein Castro, ein modug og framkjømd Offiser, som dei sagde forfylgde Røvararne likso mykje for aa hemna Harmen sin som for aa gjera sin Skyldnad som Militær; han fekk spurd av nokre Speidarar, at Jose Maria ein Dagen heldt til paa ei aldea langt av Leid, der han hadde ein Kjærast. Castro reid avstad den tilsagde Dagen, og daa han ikkje vilde vekkja nokor Mistru ved aa senda ut for mykje Folk tok han berre med seg fire Lansekarar. Men kor gløgg og varlaaten han var for aa løyna seg, so kunne han ikkje gjera det so væl, at inkje Jose Maria fekk Tefti av det. I same Ordet Castro kom gjenom eit djupt Fjellskar og drog inn i Dalen, der Jose Maria hadde Kjærasten sin, kom det med eit 12 vælridne Ryttarar fram fyri honom, dei var langt nærmare enn Klufti, og det var den einaste Vegen, dei kunne koma undan. Lansekararne trudde, det var ute med seg. Ein Mann, som reid paa ein raudblakk Hest, skilde Lag med Røvararne, for i Tvisprang og stanad braadt Hesten ein 100 Steg fraa Castro. Det gjeng ikkje an aa lura seg paa Jose Maria!, skreik han. Kaptein Castro, kvat hev eg gjort dykk, at De vil fli meg aat Retten? Eg kann drepa dykk; men hjartige Folk vert sjeldsynte notildags, eg gjev dykk Livet. Her skal De faa eit Minne, som vil lære dykk aa halda dykk undan. Paa dykkar Stridshatt! sagde han, og dermed so lagde han an og skaut Kula tvert igjenom Hatten aat Kapteinen. Strakst snudde han um og kvarv burt med Folki sine.

Eg skal nemna eit annat Døme, som fulla viser hans Høgmod.

Det var Brudlaup paa ei aldeai Umkverven av Audujar. Ungfolki hadde alt motteket Lukkynskingar av Venerne sine; dei
 
 
¹) Robin-Hood og Roque Guinear er vidkjende Røvarar, fraa Millomalderen.
²) Fara Storvegjerne, dei segjer, er det same som aa vera Røvar.
³) Ein Real er paa Lag so mykje som 0,36 Ø. Ums.
⁴) Kongens Karar.
 
 
( Meir.)