Tidender.


Kristiania, den 28de November.

Maalsaki paa Sundmør . I eit politisk Møte i Stordalen vart dryft det Programmet, som Styret for Amtsvinstrelaget hadde sett upp. Det fyrste Emnet var Maalsaki, og det vart innleidt paa en varm sympatetisk Maade av Prost Saxegaard, fortel Søndsmørsp. Han las upp eit Stykkje av Markus Evangeliet paa Landsmaal for aa visa, at dette Maalet kann gjeva Gudsord paa ein vyrdeleg og fager Maate. Læraranne Vinje og Hove, Ordførar Kirkebø, Bonde Dyrkhorn og Bladstyrar Kristoffersen meinte ogso paa det, at Saki var baade sann i seg sjølv og kunde vinna Siger. Det høyrdest ut til at Forsamlingi hadde full Samhug med Saki.


I Aalens Vinstreforeining (s. Trondheim) vann Maalsaki aalmenn Samhug. Daa Skulenemndi alt hev vedtekje ABC-boki hans Austlid, gjekk alle Fedrar, som var tilstades, med paa, at Boki skal takast i Bruk etter Nyttaar.

Me vil emd det same igjen minna Maalmennerne um, at dette er den nyttelegste Maaten ein kann arbeida for Maalsaki paa, samstundes som ein hjelper Skulen.

I kvar Bygd bør dei difor samla seg um aa faa maalvenlege Folk inn i Skulestyret; og der dei inkje hev motviljuge Folk fyrr i Skulestyret, bør dei gjera Boki kjend millom Fedrarneog faa Underskrifter hell Vedtak gjort av dei, og inkje gjeva seg fyrr Skulestyret vedtek Boki.

Me skulde tru, at soframt det berre er litevetta Liv i Maalmennerne vil det no i dei fleste Fjellbygder iallfall, inkje vera nokon overs Vanske i Vegjen for, at Borni fær læra aa stava paa sitt eiget Maal.


Varakongedømet. Det svenske Dagens Nyhetersagde for nokre Dagar sidan: Det förljudes från tillförlitligt håll, att krunprinsen verkligen skall blifva förordnad at under flera år vara vicekonnung i Norge.

Um dette segjer Dagbladet: Vi kan ikke tro, at dette Hold er saa tillförlitligt endda. Efter hvad vi har bragt i Erfaring fra et Hold, som visselig er tilforladeligt, er et Vicekongedømme under Johan Svedrups Auspicier en Umulighed.


Endeleg hev Morgenbl. komet fram med Talet paa dei som hev skrivet seg inn i Høgreforeiningi i Kristiania, det er væl 4000, men det Talet hev dei inkje fenget ihop utan stor Møde, gjenget umkring i Husi med Listur og naudtiggat Folk. Kor mange det er av desse 4000 som hev vorte nøydde til aa skriva seg paa, hell som berre er Ungdom, det fortel inkje Bladet um.


Frankrike. Krigen med Kina er endaa inkje slutt. Krigsministaren sagde i Tinget, at Kina var so skamlaus i Kravi sine, at det inkje var onnor Raad enn at Tinget gav 47 Milionar, so Krigen kunna halda ved, til Kina vart øydelagt.

All Krig fører mykje Raaskap med seg; men slik som Kinesararne ber seg aat mot dei Fiendar, dei fær Tak i, er reint ut av Laget. Ein Dag tok Franskmennerne ein By, og daa dei kom fram mot Festningi vart dei var eit fælt Syn; Liki av 7 Mann hekk paa store Krokar paa Muren, og Rovfuglar sveiv ikring og hakkad av Kjøtet. Paa dei Klædefillurne, som var att, kunna ein sjaa, at det var Liki av ein fransk Underoffiser, 2 franske og 4 anamitiske Soldatar, som Kinesararne hadde fangat 14 Dagar fyreaat. Mandarinen (Styresmannen) hadde dømt dei til aa lida Krok-straffi. Denne Krok-straffi er fælande raa. Den, som er dømd til Dauden, fær bundet Henderne fast til Knei, so vert han fest i eit Reip og hengd ut for ein Mur like yver ein stor kvass Krok, som stend paa Lag 10 Alner lenger ned paa Muren. So vert Reipet slept, og den ulukkelege dømde dett ned paa Kroken og vert hengjande der. Stundom kann det høva slik, at han fær døy med det sama; men stundom kann han og verta hengjande i fleire Dagar, fyrr Livet sloknar i honom.


England. Sir Lawson hev havt eit Forslag framme i Underhuset um, at Lordarne heretter inkje skulde hava nokon Slags Rett til aa setja seg imot det Underhuset vilde hava fram. Gladstone sagde, at han inkje var nokon Ven av Yverhuset, men han fann det inkje laglegt aa draga fram denne Saki no. Framlegget fekk ingen Framgang; 145 røystad mot og berre 71 for. Ellest tek sjølve Times no Ordet for, at iminsto ein Del av Yverhuset bør vera Menn, som er valde av Folket.


Tyskland. Riksdagen hev no teket til med Arbeidet sit, og Keisaren var sjølv den, som opnad han. I Trontalen vart det sterkt framhaldet, at Tyskland inkje hev nokot utestaa-ande med andre Magter og at serleg Tyskland, Austrike og Rusland er gode Vener. Nokot sovoret vert no sagt i flestalle Trontalur; men det er sjeldan det vert haldet so sterkt fram som i Trontalen aat Keisar Wilhelm no for nokre Dagar sidan.

Daa Keisaren gjekk ned fraa Tramen, der han hadde haldet Opningstalen, viklad ein Fald av Klædet, som var lagt paa Troppestegi, seg kring det eine Beinet hans, so han heldt paa skulde detta i Golvet; men Bismarck var i Nærmunom og studde honom, so han so vidt det var greidde seg. Ellest er Keisaren gamal no og gjeng i Barndomen, men dess høvelegare er han til Leikedokke for Bismarck, som er den, som styrer alt.

Riksdagen hev vedteket med 180 Røyster mot 99 eit Framlegg um, at Riksdagsmennerne skal hava Dagpengar. Bismarck, som gjerne vil, at Riskdagen skal vara so stutt som mogelegt sette seg imot Framlegget, for han veit, at det inkje er mange, som vil sitja lange Leite i Riksdagen, naar dei inkje fær Løn for det, og han veit og, at til stuttare Riksdagen arbeider, til meire fær han raada sjølv.


Kolerasjuken er no paa det næraste forbi i Frankrike. Det er vel eit og annat Tilfelle av han her og der; men dei er so faae, at Lækjararne inkje vil bry seg um aa gjeva Melding um dei.


I Sibiria hev dei i Aar vunnet ut paa Lag 23000 Kilogram Gull. Av dette hev dei i Petersborg sleget Pengar for ikring 25 Milionar Krunur. Kor mange, som hev slitet Helsa av seg og lidet vondt for aa faa fram all denne Rikdomen, det nemner ingen nokot um.


Ved Høgskulen i Moskva hev mange av Studentarne voret Nihilistar. Ein av desse Rochett gav seg til aa melda Kammeratarne sine for Styringi. Men Nihilistarne likar inkje slikt Kammeratskap, det hev dei synt fleire Gongjer. Styringi hev vel og havt som ei Meining um, korleids det vilde ganga Svikaren, dersom han inkje vart løynt i Tide, difor vart han gøymt i eit Fengsel, so han skulde vera trygg. Men daa Rocheff hadde voret nokre Maanar i Fengslet tykte han det var altfor langsamt aa sende Bod etter fleire av sine gamle Vener, som han truddehan kunna lita paa. Ein Dag ein slik Ven hadde voret hjaa honom, vart han sjuk, og Lækjaren sagde, at han var vorten forgiftat. Korleids han hadde fenget Gifti i seg viste han inkje. Politiet hev leitat mykje etter Venenhans; men det hev voret faafengt. Ein annan Student, som slarvad til Politiet er vorten burtgøymd, so inkje Nihilistarne skal faa slaa honom ihel.


Mange Hestar hev døyt i Crook County, Amerika, avdi dei hev etet giftugt Vassgras.


Ein Mormon i Saltsjøstaden er dømd til 4 Aars Tukthus og ei Bot paa Kr. 2920.00 fordi han hev meir enn ei Kjerring.


I ei Kolmine i Youngstown, Amerika, var Luftsprengjing. 12 Mann vart drepne og mange vart skadslegne.


Eit Jarnvegstog gjekk av Spori i Ohio. 18 Menneskje vart skadeslegne.