Fraa Telemork.
_
Skjerpefeberen (Steinsotti) er fæl i Brunkeberg og Høidalsmo no. I
Dalarne hev de i Sumar funne ei Sylvgruve, som dei trur, er likso
gild som Kongsbergs. Dei som fann ho, hev fengje mange Tusen Kronur;
men dei trur nok, dei hev forselt seg. Hellest finn dei nye Skjerp
mest til kvar Dagen, so Klokkaren tener mange Pæning med aa lysa det
upp paa Kyrkjebakken. Paa ein Gard i Morgedal hev dei funne
Gull-Sand.
Publisert