Den nye Geografi paa Landsmaalet

 

hev eg brukat sidan, ho kom ut. Eg tykkjer Boki er god, og Borni likar aa lesa i ho. Der er greid Ordning og mykje Lærestoff i den vesle Boki, og om ho fortel noko stut, so kann Læraren fortelja nokot meir. Dei Lærarar, som vil, at Borni skal faa læra paa sitt eiget Maal i Skulen, bør lata Borni bruka denne Geografi, daa ho er den einaste, me enno hev paa Norsk.

 

T. O.

 

Frå Fedraheimen 29.11.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum