[Tidender.] Kvat Fædrelandet vil?



Det er sanneleg inkje godt aa vita. Er inkje Lesararne av det fortulla fyrr, so vert dei det vist no, skal dei taka seg til aa lesa gjenom dei 7 Raderne i sidste Bladet, der Flertalsstyre, Mindretalsstyre, Kongestyre og Folkestyre fyk um Øyrat paa dei.

Fleirtalsstyrevil Bladet daa inkje hava, for fyrst so er no dette Fleirtalsstyret, som me no hev, inkje noko rett Fleirtalsstyre, det er berre eit skarve Riksretts-Fleirtalsstyre. Og so er Fleirtalsstyret i seg sjølv et utvetydigt Enevælde, og Enevældet kan aldrig indføres paa fuldt lovlig Maade i Norges Land. Og so er det umoralskt eller usedeligt, med di at Kongen inkje slepp til aa gjera etter si personlege Lovutlegging, men maa halda seg etter aalmenn Folkeskikk.

Mindretalsstyre vil dei hell inkje hava, det er inkje sant, naar Vinstre segjer slikt. Men det er daa inkje fult so faarlegt Mindretalsstyret likevæl som Fleirtalsstyret, med di at det inkje so lett kann verta Einvaldsstyre.

Einvaldstyre kan De daa væl skyna, at Bladet paa ingen Maate vil hava.

Hell inkje Folkestyre, for det vert so berre Vinstrestyre det.

Kvat vil det so hava?

Aa berre ein ørende liten Ting: at Kongen maa faa att sin Fridom.

Dei bed berre so fint um, at han maa faa att sin Fridom til aa velja kven han vil til sitt Raad, slik som det stend i Grunnloven § 12 at han skal hava Rett til.

Fyrr, daa var Kongen fri og stod høgt yver alle Parti. _ For daa tok han berre Høgremenn.

Men no er han inkje fri og sjølvstendug lenger. _ For no hev han tekje Vinstremenn.

Aa du ulukkelege Fædreland, som endaa inkje hev kunna gløymt, at Kongen var so leid, at han inkje vilde gjera detta Statskupet.

Sæl du likevæl, som med so godt eit Samvit kann folla dine Hender og tala so hugheilt um vor og alle kristnes Pligt til aa strida imot den syndige Afgudsdyrkelse som Vinstre driv med Folket.

Høgre hev berre havt ein Avgud dei, og det var Kongen, men likevæl um dei bad og gret aldri so mykje, kunde han inkje hjelpa dei i deira Naud.

So det er inkje Under dei er sure.