Tri Forteljingar av Prosper Merimée. [Forteljing til Utklypp]

 
(Del 2 av 8. Fyrste delen.)
 
 
-8-

gløyme ikkje aa faa vaska Skjorturne aat desse Herrarne. Me vil hava dei att, naar me kjem attende aat Madrid. Den unge Mann, som fortalde meg um Tjovskapen, han hadde vore ute for, sagde, han heller vilde forlata dei, at dei tok fraa han Skjorturne enn alle dei ilskefulle Hædordi deira.

TIl Ymse Tider hev den spanske Regjeringi tekje kvasst i for aa reinska Landsvegjerne for desse Røvararne, som i uminnelege Ævur hev sett seg fast der. Men det hev ikkje vore noko Hald i det. Ei Horg hev vorte øydelagd. Ei onor hev tekje seg fram atter. Stundom hev ein Stathaldar etter mykje Stræv jaga Røvararne ut or sin Styrekrins, men daa hev dei gjenge til Grannelandet.

Naturi i detta Bergland utan gode Vegjer gjer det vanskelegt heilt aa øydeleggja Røvarflokkarne. I Spania liksom i Vendée¹) finnst det ei Mengd med Sætrar, aldeas dei kallar, som ligg langt av Leid mange Miler faa Folk²). Um ein lagde Soldatar i desse Gardarne og i dei smaa Bondebyarne, vilde ein nøyda Røvararne til aa gjeva seg yver til Retten elder døy av Sult. Men kor skal ein faa Pengar fraa og Soldatar nokk?

For Eigararne aat Sætrarne gjeldst det, kann ein vita, um aa halda seg Godvener med Røvararne, som er fæle til aa hemna seg. Ellest plar au dei Røvararne, som sume Tider hev sit Tilhelde der, aa hjelpa dei til ymse Ting, som dei treng, ja dei skifter stundom Kaupet med deim desmeir. No lyt eg desutan nemna, at Røvarskap jamnaste ikkje vart haldet for ærelaust. Aa røva paa Landevegjerne uppi Augo paa Folk er aa gjera Opposition, det er aa protestera mot dei harde Lovarne. Ein sovoren Mann gjeld for ein Helt, som Folk hev Age for og som Kvendfolki er forgapa i. Det er ærefullt aa segja som i den gamle Visa:

A todos los desafio
Pues à nadie tengo miedo! ³ )


-5-
 
utrygge Pengarne hans no; hadde han enndaa ikkje havt alt saman paa seg! Han ser paa Klokka si, som han trur det er siste Gongen, han kastar Auga paa. Sæl vøre han, um ho hekk heil og haldi attmed Omnen heime i Paris. Han spyrr Vognstyraren, um Røvararne tek Klædi fraa dei Reisande.

_ Stundom min Herre. Hin Maanaden vart Reisevogni fraa Seevilja stoppa 3 Miler fraa Carlotta, og alle dei reisande kom inn aat Ecija liksom smaa Englar.

_ Smaa Englar! kvat meiner De?

_ Eg meiner, at Røvararne hadde tekje alle Klædi deira og let dei ikkje hava so mykje som Skjorta eigong.

_ Pokker! skrik den reisande, med di han knappar Reisekjolen, men han sansar seg at og dreg paa Smilen desmeir, daa han ser ei ung Andalusiagjente, Reisekamraten sin, som hugvarm kyssar paa Tomarsfingeren og sukkar: Jesus! Jesus⁴)!

Det er alt avdaga, men til Lukke kjem Maanen glitrande fram paa ein skylaus Himmel. Eit Stykkje burte fær ein Auga paa eit gruselegt Fjeldskar, som ikkje er minder enn ei halv Mil langt. Mayoral, er det ikkje der, dei fyrr hev stoppa Reisevogni?

_ Jau, min Herre, og drepe ein reisande. _ Kjøyresvein, legg Mayoralen til, smell ikkje so med Pisken, dei kunne verta var oss.

_ Kven? spyrr den reisande.

_ Røvararne, svarar Mayoralen. _ Pokker! skrik den reisande.
_ Min Herre, sjaa der neda i Svingen... er det ikkje Folk? Dei gjøymer seg i Skuggjen av den Knatten der.
_ Jau, Frøken, ein, tvo, tri, seks Mann til Hest.

_ Ah! Jesus, Jesus! ... (Krossteikn og Kjyssing paa Tomarsfingeren).
_ Mayoral, ser De derneda?
_ Jau. _


-6-

_ Sjaa der er ein, som held ein stor Stav, kanskje ei Byrse?
_ Det er ei Byrse.
_ Trur De, at det er skikkjelege Folk? spyr den unge Andalusiagjenta livrædd.
_ Kven veit! svarar Mayoralen, dreg paa Aksli og vrid Munnvikerne.

_ Daa Gud bevare oss alle! og ho gjøymer Andlitet sit enno meir mjuk i Brjostduken aat den Reisande. Vogni gjeng som Vinden: aatte sterke Muldyr i Spantraav. Rytterarne stanar; dei steller seg upp i ei Rad, _ det er for aa stengja Vegen. _ Nei, dei opnar seg; tri tek til vinstre og tri til høgre: jau, dei vil kringsetja Vogni.

_ Kjøyresvein, hald atter Muldyri, ifall dei Kararne so byd. Drag ikkje yver oss ei Byrsesalve, det bed eg dykk!
_ Ver still, min Herre; det gjeldst meir for meg enn dykk.

_ Endeleg er me so nær, at me kann skjilja dei store Hattarne, dei turkiske Sadlarne og dei blanke Styvelsleggjerne aat dei seks Ryttararne. Um ein kunne sjaa deim i Andlitet: For Augo, for eit Skjegg, for Skraamur! Det er greidt: det er Røvarar, for dei hev Byrsur alle saman.

Den fyrste Røvaren ber Handi upp mot Hattebarden og segjer med eit grovt og venlegt Maal: Vayan V ds con Dios! Gakk med Gud! Det er den Helsingi, dei reisande brukar, naar dei møtest paa Vegen. Vayan V ds con dios! segjer dei andre Ryttararne etter Rad og dreg seg høflege undan, so Vogni kann koma fram, for det er skikkjelege Landsfolk, som hev vorte seinka paa Vegen fraa Ecija; dei er paa Attervegen aat deira Bondeby og gjeng i Fylgje og væpna for Skuld Røvararne, som eg alt hev fortalt um.

Etter nokre slike Møte, kjem ein svint fram utan aa tru det Slag paa Røvarar. Ein vert so van med aa sjaa dei villvorne Andlitsdragi aat Bønderne, at verklege Røvarar ikkje tykkjest vera annat enn skikkelege Jordbrukarar, som ikkje hev raka seg paa ei Tid. I Granada kom eg i Lag med ein ung Engelsmann, som utan Uheppa hadde gjenomfare dei verste Vegjerne i Spania; han heldt


-7-

hardt paa det, at det ikkje fannst Røvarar i Spania. Ein Dag vart han stoppa av tvo Menner, som saag stygge ut og hadde Byrsur. Han trudde daa strakst, at det var nokre kaate Bønder, som hadde Moro av aa skræma han. Kvar Gong dei truga han til aa koma fram med Pengar, log han berre og svara, at han var ikkje noko Narr for deim. For aa hjelpa han ut av Villska laut ein av dei rettuge Røvararne gjeva honom eit Slag med Byrsekolva i Hovudet, og han synte meg Flengja tri Maanar etter.

Det hender sjeldan, at dei spanske Røvararne skamfører dei Reisande. Ofta let dei seg nøgja med aa taka fraa dei dei Pengarne, dei hev paa seg utan aa opna Reisekisturne elder rota i dei; men det er ikkje aa lita paa. Ein ung Springfyr fraa Madrid for fraa Cadix med 2 Dusin gilde Skjortur, som han hadde fengje fraa London. Røvararne fakka han ved Carolina, tok fraa han alle Pengarne, han hadde utan aa tala um Ringar, Lekkjur, Elskhugs Minni, slikt som ein so umtykt Mann ikkje kann vera forutan. Hovdingen orda so høfleg paa, at Lintyet aat Folki hans trengde hardt um aa vaskast, so som dei var nøydde til aa halda seg undan dei Stader, der det budde Folk. Skjorturne vart framtekne, fekk mange Lovord og Kapteinen sagde liksom Hali fraa Sicilia: Millom Riddarar er slik Friheit løyveleg⁵) og lagde nokre i Vadsekken sin. So tok han av seg dei svarte Fillurne, han no hadde gjenge med i minst 6 Vikur og kasta glad paa seg ei av dei gildaste Skjorturne aat Fangen sin. Dei andre Røvararne gjorde like eins, so den stakkars Reisande saag seg stolen for heile Klædebunaden sin og vart Eigar av ein Bunke med Trofsur, som han ikkje vaaga seg til aa koma nær med Staven sin eingong. Enndaa laut han tola Hædordi aat Røvararne. Kapteinen sagde, daa dei skildest, med ein Kaldflir, som Andalusiarne fær so godt til, at han aldri skulde gløyma den Tenesta han hadde gjort honom. Han skulde skunda seg med aa senda attende dei Skjorturne han hadde voret so snild aa laana honom, og han vilde taka att si, so snart han hadde den Æra aa møta honom igjen. Jau, og so kjem det, sagde han,


¹) Ein Landslut sud i Frankrike.
²) Aldeas er Ystegardar elder Mjølkebruk aa kalla, so det svarar ikkje plent til vaare Sætrar.
³) Av ei spansk Folkevise. Eg manar dei ut allesaman, for eg er ikkje rædd for nokon.
⁴) Ein veit, at den, som kyssar paa Tomarsfingeren etter aa hava gjort Krossteiknet til vissa er
velfaren.
⁵) Entre cavaliers, telle liberté est permise .


( Meir.)