Boksjaa.


(Av Gjurd).


Fraa Cammermeyer sitt Forlag hev me faatt til Melding:

 
Repræsentanten fra Kongsvinger . Farce i 5 Akter. Af Olaf Hanson. Pris Kr. 2.00.

Dette Skodespelet er umskipat av eit tysk Stykke og tilmaatat aat norske Høve. Dei hev spilat det mange Gonger paa Kristiania Theater no i Haust, og Folk hev nok likat det mykje gott, for det hev voret messt fullt der kvar Gong, og dei hev klappat og lædd Folk alt, dei hev orkat.


Det er eit kvikt Stykke, som høver gott. Det er Politikken, som gjeng gjenom heile Stykket, Sverdrups Ministerium vert nemd og der er Val-Kampar med Myrmend og mykje slikt. Og det heile er morosamt og livande framstellt.


Et Testamente. Af Johan Vibe.

Johan Vibe er ikkje av dei Diktarar, som sætter Problemer under Debat. Han berre skriv for aa vera trøysam, so Folk kann hava Bøkerne hans til Gaman um Kveldarne, naar dei er for trøyte aa vaaga seg ihop med tyngre Emne. Og han skriv jamnast gott og friskt og fær ein morosam Svip paa det han segjer.

Et Testamenteer forvitnelegt skrivet; derfinn me Kjeltringar og skjikkelege Folk som hellest i Verdi, og so veit De, der lyt vera med tvo Ungdomar som vert Parfolk paa Slutten. _ Paa sine Stader er Stilen nokot knudrutt, og Personarne snakkar ikkje reint naturleg ender og Gong, men i det heile, so vil eg kalla Boki morosam og verdt aa lesa.


Kongeriget Norges Grundlov med Tillæg og Ændringer samt Valglovene af 24de Juni 1828 og 1ste Juli 1884 udgivne af Hj. Smith og N. Prebensen . Pris Kr. 1.20. Godtkjøbsudgave Kr. 0.15.

Dette er nokk 2dre Utgaava, som er umvølt og gjort større, avdi ho tek med alle dei Umbot, som er gjort i Grundloven like til og med iaar.

Men der er vist nokot Fjusk med i Leiken, ræddast eg. Soleids hev eg leitat ikkje so reint litet for aa finna Umboti af 9de Juni. Men nei, eg hev kje raakat paa det.

Var kje det ei Ændring i Grunndloven, ærade Utgjevarar?

Og so stend der fremst i Boki ein kongeleg naadig Kundgjørelse , som eg au lurar nokot paa. I den Kundgjørelsen antager, stadfæster og bekræfter Karl Johan Grundloven Det er liksom um Karl Johan skulde hava sanksjonerat han. Men Tingmennarne sagde veit me, at Grundloven efter sin Natur ikke kunde henhøre blandt de Love, der udfordrede Kongens Sanksjon for at blive Lov.

Den sama Kundgjørelsen stend nokk i nokre Lovsamlingar au, men han er kje reint egta, det eg trur. I vissa er det nokot galet med han, so han ikkjeborde takast med i nokor Utgaave av Grunnloven (Sjaa Aschehoug Offentlig Ret I, Pag. 22).

_ Det skulde vel ikkje stikka nokot under her, so dei var meint paa aa faa løynt paa Folk nokot rangvist?


Tillæg til Paussog Lassen: Lærebog i Modermaalet. Andet Skoletrin. Kr. 0.55.